<img src='/Portals/85/Bilder/Aktuelt/Frivilligprisen_2014.jpg' border='0' alt='image'/><br /> Frivilligprisen 2014

Frivilligprisen 2014

Frivilligprisen 2014

Terje Rasdal mottok Frivilligprisen 2014

Eit uventa innslag i Sandnes skule sitt juleavslutningsprogram 18. desember var at Terje Rasdal vart tildelt Frivilligprisen 2014.

Frivilligprisen vert gitt til ein person som har ytt ein ekstraordinær innsats til beste for nærmiljøet sitt. Terje Rasdal fekk prisen av fleire grunnar :

Gjennom ein liten mannsalder har han vore inspirator og rettleiar for unge og vaksne med interesse og talent for musikk, langt ut over det ein kunne forvente av han som musikklærar på Sandnes skule og i musikkskulen.

Turinteresserte har i mange år nytt glede av det frivillige arbeidet Terje har ytt som løypemerkjar og dyktig turleiar.

Terje har framstått som ein omsorgsperson for unge og gamle. Ved overrekkjinga av prisen karakteriserte ordførar Karstein Totland Terje som ein bauta.

Ein øredøvande jubel og taktfast trampeklapping var eit klårt signal om at både elevar, kollegaer, foreldre og andre som var til stades var samde med ordføraren, og syntest prisen var meir enn vel fortent.

 

Foto : Knut Sørheim
Tekst : Rune Garmann


Del denne artikkel på e-post