Småstein i / rundt plantefelt på graver

Småstein i / rundt plantefelt på graver

Frå føresegner for kyrkjegardane i Masfjorden

Frå føresegner for kyrkjegardane i Masfjorden tek vi med § 5

"PLANTEFELT Framom gravminne kan ein opparbeida eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Plantefeltet må ikkje vera breiare enn gravminne og ikkje gå lenger fram enn 70 cm frå bakkant av gravminnet. Det må ikkje plantast blomar eller busker som vert høgare enn gravminnet, går ut over plantefeltet eller skygger for andre gravminne. Grava, plantefeltet eller andre delar av grava skal ikkje rammast inn av hekk, lause steinar, jern, plast eller anna materiale. Det er høve til å ramma inn plantefeltet med ein delt natursteinskant som fluktar med terrenget ikring, eller med rund elvestein el. liknande som er delvis nedgravd i bakken. Heil plate med eller utan utsparing for plantar kan berre nyttast der denne kan liggje plant med terrenget. Storleiken på slik plate må ikkje overstige tillate størrelse for plantefelt. Det er ikkje høve til å bruke faste dekorting i plantefelt. Lause dekorting skal fjernast etter bruk. Lys/ lykter er tillate i vinterhalvåret. Plantar, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som ender som avfall, skal fortrinnsvis vera komposterbart."

Når det gjeld små elvesteinar, kvite eller andre fargar i eller rundt blomsterbed, så er desse ikkje lov å bruka.
Slike steinar kan bli teken med av tråden på kantklipparen og vi får ein "David mot Goliat" effekt. 
Med andre ord. Steinen kan bli slynga lange avstandar og gjera stor og uboteleg skade.

Gravplassane skal vera ein sikker plass å ferdast derfor blir slike steinar fjerna av kyrkjegardspersonellet av tryggleikshensyn.
Elvestein til innramming av bed bør ha minste størrelse som ein vaksen knyttneve.


Del denne artikkel på e-post