<img src='/Portals/85/Bilder/Aktuelt/151215_Ingeborg_og_Roald.jpg' border='0' alt='image'/><br /> Frivilligpris 2015

Frivilligpris 2015

                                   Frivilligpris 2015

Roald Reknes mottok frivilligprisen frå frivilligsentralen i Masfjorden.

Torsdag 10.12.2015 hadde pensjonistlaget jolemiddag på sjukeheimen. Styret i frivilligsentralen nytta høvet til å dela ut frivilligprisen 2015. Nyvald styreleiar, Rune Garmann, song «Nissen på Kobbeskjæret» av Jakob Sande. Den songen sluttar med «…nissen i styggeværet passar på seg og sitt, nissen på Kobbeskjæret passar på deg og ditt.» Tankane mine gjekk då til årets prisvinnar som lik nissen på kobbeskjæret ikkje gjer noko vesen av seg men arbeider i det stille. Stillt er det òg når me ferdast i nysnjoen, sa Garmann, og poengterte at fara etter prisvinnar Roald Reknes  sin innsats viser att etter han.

Det var med både glede og undring Roald mottok prisen for gjennom frivillig arbeid å ha medverka til å betra livskvaliteten for andre. Eg ville gjerne ha eit bilete av Roald med både plakat og akvarellen måla av Anne Kvinge Tvedt, me avtala at eg fekk heller koma heim og ta bilete der. Då eg kom inn i stova til Roald og Ingeborg Reknes dagen etterpå  var prisen heidra med veggplass.  Roald ville gjerne ha Ingeborg med på biletet fordi ho har på sin måte gjort det mogeleg for Roald å få bidra med sin innsats.

Etter ein kopp med noko godt, noko å bita i og litt prat om eitt og hitt, forstår eg at Roald framleis er aktiv i fleire organisasjonar og fører enno rekneskap. Det er med glede og inspirasjon eg har fått høve til å verta litt betre kjend med denne prisvinnaren av frivilligsentralen sin frivilligpris 2015.

Helga Ekehaug

Masfjorden frivilligsentral

Dagleg leiar


Del denne artikkel på e-post