<img src='/Portals/85/Åshild_Krige_en.jpg' border='0' alt='image'/><br /> Frivilligprisen 2016 til Åshild Sleire Krige

Frivilligprisen 2016 til Åshild Sleire Krige

Frivilligprisen 2016 til Åshild Sleire Krige

Prisen, eit diplom og ein akvarell av Anne Kvinge Tvedt, vart overrekt prisvinnaren på julekonserten i Frøyset kyrkje søndag 11. desember.

 

Det er Frivilligsentralen i Masfjorden som deler ut denne prisen. Formann i styret, Rune Garmann, kunne fortelja at det var mange verdige kandidatar til prisen også i år. Styret har ofte vald ut kandidatar blant dei som gjennom jamnt og trutt frivillig arbeid har bidrege til trivnad og livskvalitet i grendene våre.

Men eitt og anna året er det andre kandidatar som er aktuelle. For av og til kjem det slike menneske til bygds som i kraft av innsatsvilje, pågangsmot og entusiasme fungerer som ei vitamininnsprøyting i det frivillige arbeidet, og Åshild Krige høyrer så absolutt til blant desse.

På få år har ho engasjert seg sterkt i nærmiljøtiltak ved Nordbygda skule, og ho har drive eit aktivt og inspirerande arbeid for idrettsmiljøet – i tillegg til å vere støttespelar for skulekorps, og mykje anna.

At valet av prisvinnar var populært blant dei frammøtte, var den rungande applausen prisvinnaren fekk eit høglytt prov på.


Del denne artikkel på e-post