Å via likekjønna i kyrkja.

Å via likekjønna i kyrkja.

Verken moderne tider eller hårfarge er relevante argument i høve spørsmålet om å via likekjønna i kyrkja!

I Avisa Nordhordland laurdag 4. februar understrekar prost Geir Sørebø at alle er velkomne til å via seg i heimekyrkja si. Om presten der ikkje vil via likekjønna ordnar han med prest som vil via. Den nye presten som kjem til Masfjorden, Tone Marit Håland Dyrkolbotn, kan få det travelt sidan ho er den einaste av dei 15 prestane i Nordhordland som har sagt at ja til å via likekjønna. Ho trur på ein gud som elskar alle menneske og at Gud skapte oss i sitt bilete. Det at eit barn har rett til å kjenna foreldra sine meiner ho ikkje er relevant i høve til å via eit par med Gud si velsigning.

I Masfjorden er der fire ungdommar som uttrykkje sitt syn på vigsel av likekjønna i kyrkja. To av dei meiner at vedtaket om kyrkjevigsel er homofile er flott sidan vi er menneske alle saman. Dette var å lesa i avisa Nordhordland onsdag 8. februar. Eg blir glad over engasjement deira. For å ha ei levande folkekyrkje må me ha engasjerte og ikkje likesæle folk i kyrkjelyden. Eg kunne tenkt meg å høyra meir om verdigrunnlaget for synet deira, gjerne med referanse til bibelen, si tru og sine verdiar. Kva kongen seier og kva som er moderne kan vera interessant nok, men er ikkje eit argument for kva me vel å gjera i kyrkja vår.

Nestekjærleik er verdigrunnlaget i den kristne læra. Å ha vilje til å møta alle med respekt, omsorg og interesse for mennesket bak meiningane er nestekjærleik i praksis. Kva dogmer og handlingar me ynskjer å ha i kyrkja må sjåast i samanheng med nestekjærleik og ikkje kva som er vurdert å vera gamaldags. Kva alder, kjønn og hårfarge folk har er ikkje eit argument mot meiningane deira! Kyrkja har brukt mange tiår på å strekkja seg mot likeverd mellom mann og kvinne. Kyrkja har no funne aksept for at prestar får høve til å via likekjønna. Mange har kjent seg fordømt og ekskludert. Lat ikkje dette vera malen for korleis me møter dei som er annleis eller i mindretal.

Mi oppmoding til oss alle: møter du nokon som har eit anna syn enn deg, så still spørsmål utifrå undring og interesse. Dersom du ynskjer å overtyda nokon til å endra meining så sørg for at du har høyrt og forstått både det som den andre seier og verdiane som ligg bak. Deretter gjentek du det du har høyrt og forstått slik at den andre kan få høve til å kjenna seg høyrt og forstått. Når du har gjort dette er det lettare for den andre å lytta til deg og ditt syn.

Her er ikkje jøde eller grekar, her ikkje slave eller fri, her ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. Gal 3,28

Helga Ekehaug Diakoni- og undervisningsleiar


Del denne artikkel på e-post