Ny prest i Masfjorden.

Ny prest i Masfjorden.

Inviter Tone Marit på middag! Ho flyttar til Masfjorden i sommar og ynskjer å verta kjend med deg.

Frå 1. august tek Tone Marit Håland Dyrkolbotn til som prest i Masfjorden. Ho gler seg til å verta kjent med Masfjorden og vonar folk vil gjera henne kjend både med natur, kultur, kyrkja og seg sjølve. Med dette utgangspunktet set Tone Marit pris på å verta invitert til ein kvardagsmiddag, ein stølstur, på kulturelle tilskipingar eller andre ting.

 

 

Sidan me fekk vita litt om bakgrunnen din i eit intervju i Strilen ynskjer eg å fokusera på den andelege dimensjonen i kyrkjelydsbladet vårt.

Kva er det å tru?

 

Det er så mange måtar å tru, og ulike måtar å uttrykkja og oppleva vår andeleg tilknyting. Det kan vera i naturen, i nære samtalar, når me held eit nyfødt barn, i katedralar, i gudsteneste, i kulturopplevingar, i nattverd og andre gjeremål. Gud ynskjer å vera nær oss og me vert dører for Gud sin kjærleik inn i verda.

 

Eg kjenner ei ro over meg når du sa dette og eg vert rørt til tårer fordi det å vera ein del av kyrkja og Gud sin kjærleik fyller livet mitt med meining.

Kven kan vera med i kyrkja?

 

Absolutt alle som ønskjer det! Kyrkja er av og for folk, her er det rom for alle. Alle er velkomne både i høgtid og kvardag. Eg oppmodar folk til å senka terskelen for å koma i kyrkja. Eller på kyrkjekontoret for ein kopp kaffi og ein prat – kyrkja høyrer til folket. Gud har ingen terskel for å kunna ta del i Gud sin kjærleik eller i Gud si kyrkje.

 

Korleis erfarer du å vera ein del av Gud?

 

I nær kontakt med folk, fjord og fjell, og på gudstenester er nokre av stadane eg kjenner Gud sitt nærvær og kan finna meining med livet. Gud er så stor at me kan alle ha ein personleg relasjon. Det er plass til oss slik som me er. Det er plass til både oss og det me ber på akkurat no. Den enkelte er alltid velkomen hjå Gud.

 

Kva skjer i di drøymegudsteneste og korleis har denne vorte til?

 

Ei drøymegudsteneste inneheld folk i alle aldrar, med ulike bakgrunnar og ulike tankar. Musikk, glede, fleire som tek del i til dømes tekstlesing, utdeling av program, baking av bollar, osv. Eg ønskjer at folk kan koma til kyrkja og bidra dersom dei ønskjer det, men òg koma og få noko frå både Gud og fellesskapet. Det er ikkje berre presten som lagar gudstenesta, men det er kyrkjelyden som driv den. Kom med innspel til salmar, preiketekst og aktivitetar som kan gje uttrykk for bodskapen. Å ha ei drodleøkt ei veke før preika saman med folk i kyrkjelyden for å dela undring og spørsmål om korleis me kan forstå teksten vil vera eit kjempefint utgangspunkt for å skriva preika.

Draumen er mange folk og god stemning!

Så er det kyrkjekaffi og gjerne ein quiz eller noko anna kjekt etter gudstenesta – kaffi er viktig!

 

 

Du inviterer folk til å snakka om preiketeksten, kva verdi ser du i å snakka om tru?

 

Det er viktig å snakka om tru fordi me kan læra av kvarandre sine erfaringar, utvikla trua vår og verta betre kjende med kvarandre. Folk er ulike, har ulike erfaringar og har ulik tru. Me har vår indre tru og tru som kjem til uttrykk i tradisjonar og samtalar. Det er ingen fasit for korleis me må vera eller kva me må gjera for å uttrykkja trua vår.

 

Eg har eit inntrykk av at me har ein ukultur blant kristne, der nokon har «rett» tru og gjerne er i posisjon til å vurdera andre si tru som god nok eller ikkje god nok. Denne tanken gjer meg usikker og eg vegrar meg for å vera personleg om tru både i frykt for å bli fordømt og for å bli oppfatta som fordømmande. Kva tenkjer du om dette?

 

Eg trur ikkje det finst ein ”rett” måte å tru på. Alle menneske er ulike, og trua vår kan vera ulik sjølv om me trur på den same Gud. Me må våga å utfordra og lata oss verta utfordra i trua. Å våga å by på oss sjølve er sårbart. Å vera sårbar er naudsynt for å byggja relasjonar både til kvarandre og til Gud, og ofte er fellesskap viktig for mange som trur. Det kan vera fint å prata om trua si, men så er det ikkje alle som er komfortable med det. Det er heilt i orden. Nokon formidlar tru gjennom gjerningar, ei hjelpsam hand, eller ved å synga ein salme. Eller ved å halda trua for seg sjølv. Eller på heilt andre måtar. Men eg trur ikkje nokon kan ha ei meir ”rett” tru enn andre, det vil i alle fall ikkje vera enkelt å bestemma kven som har mest rett. I grunn handlar det ikkje om rett eller gale, det handlar om relasjonen mellom deg og meg som menneske og Gud.

 

 

Korleis kom du til å tru på Gud og kva er di trushistorie?

 

Eg er oppvaksen i ein kristen heim. Om kveldane las eg og brørne mine først bilblad eller Donaldblad saman, før mamma eller pappa kom inn og me song ”Eg faldar mine hender små”, eller bad ei kveldsbøn. Eg gjekk i søndagsskulen på Årås bedehus og vart av og til dregen med på gudstenester i kyrkja. Men gudstenester syns eg var ganske kjedeleg. Heldigvis fekk eg fargeleggja teikningar frå Bibelen, og høgdepunktet i gudstenestene var då presten song dei faste ledda – då var eg trollbunden. Eg har alltid hatt mi barnetru, og så har den utvikla seg med åra. Eg las mykje i Bibelen, særleg på ungdomsskulen, for å finna ut kva dette med Gud var for noko, og eg skreiv til Gud når eg enten var einig i noko, om noko fekk meg til å verta sint, glad eller nyfiken. Konfirmanttida var ei god oppleving. Der opplevde eg ein del modning i trua mi. Me fekk ansvar og vart del i noko. Det var sosialt og eg lærte mykje om Gud, tru og fekk vera saman med leiarar som var unge, kule kristne – gode førebilete!

 

Så gjekk eg på ein kristen vidaregåande skule – tre gode år! Der møtte eg folk frå mange ulike kristne tradisjonar, nokre med faste idear på korleis ein skulle vera som kristen, andre var ateistar. Då måtte eg finna meir ut av kven Gud var i mitt liv, korleis mitt Gudsbilete er, og korleis eg ønska å leva som kristen. Etterkvart som tanken på å verta prest vaks fram dei to siste åra på vidaregåande fekk eg motbør frå deler av miljøet på skulen. Nokre har eit trusbilete der ei kvinne ikkje kan vera prest. Dette var nytt for meg, og det vart ei brytningstid der eg måtte finna ut om eg kunne verta prest.

Som de skjønner landa eg trygt i at det går heilt fint!

Det er ikkje ein mal som me skal pressast inn i for å vera verken prest eller ein kristen person. Eg må vera meg sjølv i alt og eitt. Eg har ein levande relasjon til Gud og Gud er med meg i kvardagen. Det betyr ikkje at livet mitt er problemfritt eller perfekt, men det betyr at eg har ein bauta som er der i både opp- og nedturar og alt i mellom. Gud er alltid med meg, og eg kan koma til Gud med alt i livet, både spørsmål, glede og sorg. Eg trur Gud er med alle menneske. Det har nok vore den raude tråden i truslivet mitt.

 

Eg kjenner både på inspirasjon, fellesskap og pågangsmot etter å ha vorte litt betre kjend med deg og di tru. Eg ser verkeleg fram til samarbeidet med deg og ei trygg, frimodig og engasjert kyrkje der me kan bidra til at alle kjenner seg velkomne! Eg er trygg på at eg har mange med meg når eg seier: Velkomen til Masfjorden!

 

Helga Ekehaug

Diakoni- og undervisningsleiar


Del denne artikkel på e-post