Felles avslutningsfest for konfirmantane, på Fjon fjellkyrkje onsdag 31. Mai 2017.

Felles avslutningsfest for konfirmantane, på Fjon fjellkyrkje onsdag 31. Mai 2017.

Sokneråda i Frøyset, Sandnes og Solheim inviterte alle konfirmantane med føresette og tilsette til ein felles avslutning og markering av året med konfirmasjonsførebuing i Fjon fjellkyrkje 31. Mai. Det har vore tradisjon med at desse tre sokna har hatt kvar sin avslutningsfest, men i år blei dei slått samen.

Vi fekk eit innblikk i kva dei har gjort i konfirmasjonstida med ein filmsnutt ved velkomst. Ser ut for at dei alle, både ungdommen, trusopplærar Helga Ekehaug og sokneprest Bjørn Magne Hanssen har hatt ei fin tid saman. Helga heldt ein varm og fin tale til konfirmantane og fortalde om mange gode opplevingar dette året. Det er nesten som eg fekk lyst til å konfirmera meg ein gong til. Kari Sørheim var spesielt invitert til festen og held også ein tale. Ho formidla eit fint bodskap om livet på godt og vondt, om samhald, kjærleik og respekt til kvarandre. Med ein samanlikning til å sjå inn, utforske og studere ein vakker stjernehimmel, fekk ho fram det kristne bodskap om å tørre vere opne for å utforske den kristne og vidare tru.

 

Etter nydeleg middag og dessert blei det som leiar i Masfjorden kyrkjelege fellesråd og konfransier, Arne Riisnes sa;  Tull og tøys, litt trudelutt og snusk. Latteren og stemninga ble høg ved nokre konkurransar som innebar marshmallows, blyantar, tråd, ballar (eller var det potet) og quiz. Organisten Anne Merete Reknes spelte opp ved allsong og var også ei som var med på å gjere kvelden fin. Ja så enkelt kan ein ha det kjekt saman. 

 

Summen av alt kan vel underteikna med handa på hjartet seie, at markeringa varierte med høgstemd, alvor, koseleg, underhaldande og morosam. Ein felles avslutning for alle konfirmantane, skapar for min del brubygging  og kjennskap mellom ungdommen og oss vaksne her i Masfjorden. Takk til kateket Helga, sokneprest Bjørn Magne og dei tre sokneråda i kommunen som laga denne kvelden så fin for alle.

 

Lena Merethe Torslett

 


Del denne artikkel på e-post