Julestemning!

Julestemning!

O jul med din glede!

Romjula er her, kanskje har freden senka seg i stova heime hjå deg? I jula har det vore mykje aktivitet i kyrkjene våre. Organist, Anne Merethe, og prest, Tone Marit, har mellom anna vore innom alle barnehagane og hatt julesamling. Det er så triveleg å vera på besøk i barnehagane, prata, syngja, eta graut, få omvisning og sjå både julekalendar, måleri og andre ting borna i stor iver viser fram. 


I tillegg har alle skulane hatt skulegudstenester før jul. Det er stas å samlast! Frå Nordbygda og Matre skular deltok elevar i ei slags dramatisering av juleevangeliet. Det vart veldig fint! Messingblåsarar deltok både på Sandnes og i Frøyset kyrkje. Det er ekstra kjekt. 

Julaftan var det gudsteneste på sjukeheimen. Der var det fullt hus, og ei fin stund saman med dei som bur der, og pårørande. 
Same dag var det òg gudsteneste i Frøyset kyrkje. Der fekk alle gløgg då dei kom, og gudstenesta var litt spesiell. Her dukka "Josef og Maria" opp - med esel og det heile. Det var både gjetarar, engel, visemenn og ein sprell levande baby som hadde rolla som det vetle Jesusbarnet. Alf las frå juleevangeliet, og sokneprest, Tone Marit, knytte alt saman. 
Ei flott stund i kyrkja julaftan!

1. juledag og 2.juledag var det høgtidsgudstenester i Sandnes og Solheim kyrkje. Det var fine stunder i kyrkja, med både skulemusikk, solistsong og kyrkjekaffi. 

 

Takk for fine stunder i kyrkjene jula 2017!

 


Del denne artikkel på e-post