Dåpsskule

Dåpsskule

Fyller du fem, seks, åtte eller ni år i år er du velkomen til å vera med på Dåpsskule for å læra meir om det som skjedde då du vart døypt og trua på Gud.
anskje du ikkje er døypt, då får du dette brevet sidan ein av foreldra dine er døypte. Då du var fire år fekk du di eiga bok i kyrkja, og på dåpsskulen får du læra enno meir. 

Kyrkjebok. Her står det litt om tradisjonar i kyrkja vår, om Bo og Nora eller ei jente som ikkje hugsar at ho vart døypt og om Jesus. Jesus er som deg og meg- fylt med kjensler av glede, sorg, sinne og redsle. Bak alle kjenslene ligg kjærleiken- kjærleiken til alle menneske. Jesus er særleg glad i alle born og alt som lever. Kanskje du har nokon heime som kan lesa og syngja saman med deg?

Dåpsskulen
Her vil me lesa litt frå boka, leika litt, syngja og ha litt forming. Me i kyrkja har lagt plan for våren når det gjeld dåpsskulen. Den er i utgangspunktet for dei som fyller 5 år. Den har ikkje vore regelmessig på nokre år og me ynskjer difor å gje alle høve til å laga eit dåpsskuleteppe som me heng opp i kyrkja. Me har valt å samla nokre årsklassar.

Dei som er eldst får to samlingar der me tek utganspunkt i to forteljingar. Gjetaren som berre fann 99 sauer, men leita til han fann alle. Den kan forståast som at alle er grunnleggjande verdifulle og likeverdige. Tollaren og tjuven Sakkeus som Jesus åt middag med, kan forståast med verdiar som likeverd, å tilgje og aksept. Me syng songar som "Min båt er så liten", "Måne og sol" for både å vidareformidla kulturarv og bidra til glede og fellesskap i det å syngja saman. Me har litt leik og ei økt der alle får høve til å servera kvarandre litt saft for å bidra til modig, sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap.

Samlingane for den ordinære dåpsskulen (i år for både 5- og 6- åringar) har fleire forteljingar med utgangspunkt i Mi kyrkjebok, og eit større fokus på å at den enkelte får uttrykkja seg gjennom ulike formingsaktivitetar som å mala, arbeida med kitt, laga eit kors m.m.
 

Avduking. Ein søndag etter påske får dei eldste og før jul for dei yngste vil me presentera alle teppa for kyrkjelyden og hengja dei opp bak i kyrkja saman med dei andre teppa. Når du kjem i konfirmasjonsalder vil du få teppet ditt att.

 

Ta del i gudstenesta. Denne søndagen får du gå i prosesjon inn i kyrkja saman med sokneprest Tone Marit, Helga og dei andre frå dåpsskulen. Seinare i gudstenesta får du koma fram i kyrkja, alle syng nokre songar. Så kjem nokon frå soknerådet av avdukar teppa. Du, familien din og heile kyrkjelyden er velkomne på kyrkjekaffi med saft, kaker og quiz etterpå.

 

Gjennomføring: Det er ein kabal å få dette til å gå opp. Dei som går i barnehage eller SFO hentar Helga (diakoni- og undervisningsleiar) ut dersom foreldre/føresette har avtala dette med ho og barnehage/sfo. Dei som ikkje vert henta direkte frå aktiviteten vert følgt tilbake til barnehage/SFO.

Samarbeid
Helga har ansvar for innhald og planlegging av dåpsskulen. Til å gjennomføra det lyt me vera fleire som er vaksne nok til å følgja dei langs vegen, hjelpa til med klede på og av, samt formingsaktivitetar. Kjenner du nokon som har lyst og høve til å vera med? Snakk med dei og/eller gje Helga eit tips!

 

Dåpsskule våren 2018

 

 

 

 

 

 

 

For 5. og 6. åringar

For 8. og 9. åringar

 

 

 

 

(Etterslep for 2. og 3. klasse)

 

 

 

 

Alle 1. klassingar fekk høve i 2017

 

Frøyset sokn (5 +13 stk)

 

Frøyset sokn (6+8 stk)

 

Musikkrom og gymsal

 

Gymsal

 

14:30 – 15:30

 

14:30 – 15:30

 

Tysdag

30.jan

 

Torsdag

22.feb

 

Tysdag

20.feb

 

Torsdag

22.mar

 

Tysdag

20.mar

 

Søndag

08.apr

kl. 11.00

Tysdag

17.apr

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sandnes sokn (7+8)

 

Sandnes sokn (4+8)

 

Kyrkja 14:30 - 15:30

 

Kyrkja 14:30 - 15:30

 

Onsdag

31.jan

 

Onsdag

07.feb

 

Onsdag

21.feb

 

Onsdag

14.mar

 

Onsdag

21.mar

 

Søndag

15.apr

kl. 11:00

Onsdag

18.apr

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Solheim sokn

 

Solheim sokn

 

Einekavane 14:30 - 15:30

 

 

 

 

Måndag

29.jan

 

1. 2. og 3. klasse hadde

 

Måndag

19.feb

 

dette hausten 2017

 

Måndag

19.mar

 

 

 

 

Måndag

16.apr

 

 

 

 

 

Påmelding
Er dette noko du ynskjer at barnet skal vera med på så tek du kontakt med både meg og skule/barnehage innan fredag 26. januar for 5. og 6. åringane.
Måndag 19. februar for 8. og 9. åringar

 

Løyve. Me ynskjer å ta bilete av dei som er med i kyrkja til bruk i Masfjordingen, på heimesida og facebook. Ved påmelding gjev du beskjed om me kan visa bilete eventuelt kva media me kan gjera det.


Del denne artikkel på e-post