Karnevalsgudsteneste!

Karnevalsgudsteneste!

Sundag 11.februar er det duka for karnevalsgudsteneste i Frøyset kyrkje!

Både store og små er velkomne til å kle seg ut som kva de vil - her er rom for både klovnar, cowboyar, cowgirls, prinsar, prinsesser, fine hattar og gamle, fjollete kjolar. Berre fantasien set grenser!

Etter gudstenesta vert det karnevalskyrkjekaffi med fastelavnsbollar, saft, leikar og kanskje ein katt som må ut av ein sekk?! 

Alle er hjarteleg velkomne til å vera med på denne kjekke gudstenesta i Frøyset kyrkje!

Etterpå er det soknemøte for Frøyset sokn. 


Del denne artikkel på e-post