Markering av 50-årskonfirmantar 2018!

Markering av 50-årskonfirmantar 2018!

50-årskonfirmantar i Masfjorden!

På ein solfylt aprildag samlast ein gjeng med 50-årskonfirmantar frå Masfjorden i Sandnes kyrkje. Det var duka for markering av at dei vart konfirmerte våren 1968. Festkledde og smilande møtte dei opp, praten sat laust og latteren trilla.

Under gudstenesta vart namnet på alle konfirmantane leste opp, det vart tend eit ljos for dei av konfirmantkullet som har gått bort sidan 1968, og alle konfirmantane kom fram og presenterte seg.

50-årskonfirmant Torill Vågseth Kristoffersen stilte opp i ein «sofaprat» med prest, Tone Marit Håland Dyrkolbotn, om korleis det var å vera konfirmant i 1968.

 

 

 

 

Etter gudstenesta fortsette markeringa på Sandneskaféen med nydeleg mat, god stemning, song, quiz frå 1968, eit par talar og mykje latter.

 

 

 

Takk for ei skikkeleg triveleg markering!


Del denne artikkel på e-post