Weekend for ungdomsleiarane!

Weekend for ungdomsleiarane!

Leiartreningshelg for ungdomsleiarane i Masfjorden!

Masfjorden er så heldige at kyrkjene våre har ein gog gjeng med ungdomar som ønskjer å vera med som ungdomsleiarar! Det er veldig stas!
For å vera ungdomsleiar i Masfjorden vert det frå i år laga til ei leiartreningshelg ungdomsleiarane må gjennom. I den helga får ungdomane leiartrening, det vert fokus på kva det vil seia å vera ein leiar og førebilete i kyrkja - og ellers. Dei får òg øva seg på å arrangera og leiar aktivitetar for yngre - noko dei får god bruk for når dei seinare i år skal vera med som leiarar på konfirmantleirane i Masfjorden! I tillegg vert det kjekke aktivitetar, mykje sosialt og kjekt. 

Dersom du eller nokon du kjenner har lyst til å vera med som ungdomsleiar er det berre til å ta kontakt med Diakoni- og undervisningleiar, Helga, eller sokneprest, Tone Marit. Ungdom frå konfirmantalder og oppover er velkomne!

Dato for leiartreningshelga i 2018 er: 31.august til 2.september!


Del denne artikkel på e-post