Ungdomsleiarhelga - ein suksess!

Ungdomsleiarhelga - ein suksess!

Leiartrening, leik, moro, nattverd og mykje latter fylte kyrkjene våre helga 31.august – 2.september.

Då var det leiartreningshelg for ungdomsleiarane i Masfjorden. Ungdomar frå alle dei tre sokna var samla i Sandnes kyrkje fredagen, og i Frøyset kyrkje laurdag. Der overnatta dei til sundag og deltok på gudstenesta der. Ekstra kjekt var det å overnatta i kyrkja, og det var ein fin kveld om laurdagen med deilig middag, tur opp i kyrkjetårnet, leikar, film på den nye storskjermen og ei kort nattverdsstund.

Det var stas å vera saman med desse flotte og engasjerte ungdomane denne helga, og me trur og håpar at dei sit att med ny kunnskap, auka tru på seg sjølve som leiarar og har fått enno meir eigarskap til kyrkjene. Så gler me oss til å ha dei med som leiarar på konfirmantleirane i oktober og februar!


Del denne artikkel på e-post