LysVaken!

LysVaken!



Bli med på LysVaken då vel!  

Fram mot jul overnattar tusenvis av born i kyrkjer over heile landet, dei er med på LysVaken - eit nasjonalt trusopplæringstiltak for 11, 12  og 13-åringar.
I år arrangerer me det i kyrkjene i Masfjorden for første gong – og me håpar mange i denne aldersgruppa i kommunen vil vera med.

Kva skjer på LysVaken? Me har oppmøte i kyrkja klokka 16.00. Då vil det vera ein oppstart og utdeling av dei kule t-skjortene med LysVaken-logoen på. Så vert det leikar, skattejakt i kyrkjerommet, festmiddag, aktivitetar, dans, song, leik og ei koseleg filmstund til slutt. Etter filmen vert det ei lita kveldssamling, før me finn soveposane våre og legg oss til å sova i kyrkjerommet. Der er det heilt trygt, veldig fint og litt spanande å overnatta. Det vil vera vaksne leiarar med som passar på, så det skal gå veldig fint.

På sundag morgon vert det ein deilig frukost før me lagar til gudstenesta, der LysVaken-deltakarane er med. Det vert stas – og her bør foreldre, besteforeldre, naboar og andre koma og vera med på ei triveleg gudsteneste!

 

LysVaken i Masfjorden er på desse tidspunkta:

 

Frøyset kyrkje: Laurdag 17.- sundag 18.november.

Sandnes kyrkje: Laurdag 1.-sundag 2.desember.

Solheim kyrkje: Laurdag 15.-sundag 16.desember.

 

Ønskjer du som er 11, 12 eller 13 år å delta? Få nokon heime til å melda deg på via denne linken, eller ved å senda ein e-post til prest, Tone Marit (tone.dyrkolbotn@masfjorden.kommune.no ), eller ringa (93038926). 

Meir detaljert informasjon kjem til dei som melder seg på.

Påmeldingsfrist: Frøyset: onsdag 7.november. Sandnes: onsdag 21.november. Solheim: Onsdag 5.desember.


Del denne artikkel på e-post