Sandnes kyrkje

Sandnes kyrkje, Masfjorden ligg i Sandnes sokn i Nordhordland prosti. Ho er bygd i tre og blei oppførd i 1845. Kyrkja har rektangelplan og 370 sitjeplassar. Kyrkja har listestatus automatisk listeført (1650-1850). 
Arkitekt: Eiler H. Holtermann (Linstow typeteikning)/T.H. og K. Frølich (1965). 

 

Sandnes kyrkje er ei långkyrkje i tre med utvendig kledning av liggjande panel og takryttar over vestgavlen. Kyrkja vart oppført i 1845 av Sjur Rasmusson Hole frå Hosanger. På byrjinga av 1960-talet vart våpenhuset fornya, og det same vart sakristiet, som no også rommar kyrkja sin kyrkjelydssal.

I 1965 vart kyrkjerommet sett i stand og endra. Interiørdelar i nygotisk stil frå 1907, blant anna søylene i overgangen mellom kyrkjeskip og korparti og kyrkjebenkane, vart fjerna. Veggar, golv og den tønnekvelva himlingen vart isolert, veggane fekk nytt liggjande panel og nye kyrkjebenkar vart sette inn.

Skulptør Johnsen frå Bergen har skore portalaltertavla i nybarokk stil frå 1915 etter teikningar av arkitektane Fürst i Oslo. Hovudmotivet er Jesu i Getsemane, og på toppen av altertavla står ein engel over dei greske skriftteikna alfa og omega, som symboliserar byrjinga og enden.

Kjelder:
Kvinge, Leif S.: Sandnes kyrkje 150 år. Jubileumsskrift, Masfjorden 1995
Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993

kirkesok.no