Solheim kyrkje

Solheim kyrkje, Masfjorden ligg i Solheim sokn i Nordhordland prosti. Ho er bygd i tre og blei oppførd i 1881. Kyrkja har langplan . 
Arkitekt: Ole Syslak, Lindås/J.W.Nordan (1881)/Tryti (1965). 

kirkesok.no


Solheim kyrkje 
Forfatter: Arne L. Hope.

Med dei lange avstandar frå Indrefjorden og utover til Sandnes, og med dei mange vanskar med å koma fram på sjøen i storm, og ikkje minst isvanskar vinters dag, så reiste tanken seg om ei utskiljing av indre delen av Masfjorden som ei eiga kyrkjesokn, og med ei eiga kyrkje. 

Det var vel berre rimeleg, at dei som der inne vart kalla fjellfolka var dei som kjende desse vanskar sterkast på kroppen. Til det framanfor omskrevne representantmøte på Sandnes 28/12 1871 låg det også føre skriv til Kongen frå Arne Kristensen Fosse med fleire om at Sandnes sokn måtte delast, og at det måtte utskiljast ein indre del av denne sokna, som ei eiga sokn, med ei kyrkje på Solheim.  
 

   
Saka vart drøfta i nemnde møte, og det vart som resultat av dette gjeve -Sådan Ærklæring-: Uagtet det må indrømmes, at Flerheden af Beboerne i det nævnte Strøk har temmelig besværlig Adkomst til sin Sognekirke på Sandnæs, og at de i Andragendet anførte Grunde er vel beføyede, finder man dog for Tiden, forinden Spørsmålet om Præstegjeldets Deling har fået sin endelige Løsning, ikke at kunne erklære sig til Fordel for samme. Med det således Passerede hæves Mødet-. 

Så kom ein ikkje lenger den gongen.  
Saka kom oppatt 17/2 1877. Det vart då gjort slikt vedtak:  
-Det besluttedes anbefalet et Andragende om Oprettelse af et nytt Kirkesogn i Masfjorden, således at samtlige Gårde indenfor Frøystolen kommer til at udgjøre et eget Sogn, og at en Kirke for dette bliver at opføre på Gården Solheim. Da Sandnæs Kirke er altfor liten for dette Sogns Menighed, besluttedes foreløbig at flytte den til Solheim og at bygge en ny på Sandnæs-. 

Denne siste delen av vedtaket vart seinare gjort om att, då det møtte eindel motstand frå Indrefjorden, då det vart klårgjort at ved at Solheim sokn vart fråskild Sandnes, så vart folkemengda så mykje mindre, at den noverande kyrkja der ville vera stor nok. 

Saka kom oppatt på møte 15/4 1879. Vedtaket då lydde slik:  
-På Grund af trykkende Tider, og dårlige økonomiske Forhold måtte opførelse av ny Kirke henstå, til bestemmelse av en anden prestegård (end Kvamme) hadde fået sin avgjørelse, eller til ihvert fald efter 1883-. 

Dette vedtaket om at kyrkjebyggjinga skulle stå ut til etter 1883, gjekk ikkje representantane frå indre fjorden med på. Dei ville byggja ny kyrkje snarast råd. Gangen i saka syner at det har vore ein takst på kor stor part Solheim sokn åtte i Sandnes kyrkje. Ut frå denne taksten skulle denne parten utgjera 2000 kroner. Dette fann representantane frå Solheim var forlite. Dei meinte at ein sum på 2800 kr. måtte vera meir i samsvar med dei verdiar som låg i kyrkjebygget. 

Båe partar kom snart til ei semje i spørsmålet, og vart samde om 2400 kr. som utløysingssum. Denne løysinga vart stadfest i eit møte 8/12 s.å. med 5 mot 4 røyster. Solheim sine representantar tok ikkje del i møtet. 

Dermed var saka formelt komen så langt, at den gjekk inn til departementet. Og ved kgl. res. frå 3. juli 1880 vart det stadfest at Solheim skulle utgjera eit eige kyrkje-annekssokn. Og at det skulle byggjast ny kyrkje på Solheim. 

Til byggjenemd vart oppnemnde: Ole A. Solheim formann og oppsynsmann for arbeidet, Mikkel R. Haugsvær, R. M. Eikemo, Lasse M. Haugsdal, Ole T. Trodal og Johannes R. Matre. 

Det vart heller ikkje strid om staden. Kyrkja vart bygd ved sida av kyrkjegarden. Opphaveleg var det tanken å byggja den lik Lindås kyrkje, men dette vart fråfalle. Det vart kyrkjebyggjar Ole Suslak frå Lindås som teikna den og vart formann for byggjinga. 

Når det galdt utføringa av byggjearbeidet, så vart dette for ein stor det utførd ved pliktarbeid. Gardbrukarar og plassmenn hadde der likt tal dagsverk. Til å dekka dei kontante utlegg vart det likna ut 1 kroner på kvar skylddalar. Ein søknad om å få tilskot av offentlege midlar vart avslegen. Det vart såleis folket i sokna åleine som måtte bera utlegga. 

Ein kan i det heile ikkje finna at det offentlege har kome fram nokoslags mislydar frå nokon i sokna i det heile, om at dei synest det vart eit for tungt lyft, å reisa denne kyrkje. Frølich skriv om dette såleis:  
-Det tjener Solheim sogn til ære, at de løste denne oppgave på en sådan måte-. 

Kyrkja var ferdig til vigsling 24. mars 1882. Det var biskop Hvoslef som stod for vikslinga. Saman med han var prestane i Alversund, Manger, Herdla og Hamre og res. kap. til Lindås og pers.kap. til Lindås, forutan eindel fruer. D/S Lindås gjekk ekstratur for dette høvet. Det er fortald at dagen var ein  
av dei verste stormdagar dei mintest, så dei hadde store vanskar med å ta seg fram, og ei stormflage sleit tårnet laust frå hovudbygget. Med eit så høgt tårn på ei heller lita grunnflate så var dette rimeleg, når det ikkje var samanbinding. Seinare måtte dei setja gjenomgåande skruboltar gjenom tårnstavar og timberet. 

Til vigslinga vart det kjøpt inn: Kalk og disk av sylv, alterbok og salmebok, vinkanner og oblatøksja, 2 trearma lysestakar, 1 døypefat med mugge i steintøy og messehakel og messeserk.  
Rasmus O. Haugsvær (Rasmus i Vågen) hadde arbeidt eit fregattskip som vart hengt under loftet. 

Kyrkja kosta i kontante pengar ved rekneskapsoppgjer i 1881: 3648,42 kr. Restsummen av lånet vart betalt i 1886 med 1,53 kr. 

Kyrkja var måla kvit på tak og vegger, med eikemåling på kyrkjestolar og søyler. Til å hjelpa på, og skapa større høgtid over songen, spelte Rasmus K. Haugsvær ei tid på eit husorgel som han åtte. I 1912 vart det kjøpt inn eit kyrkjeorgel. Og det vart ei stor framhjelp for gudstenesta i det heile. Så vart det ikkje gjort nemnande med huset i det heile, frårekna at dei måtte flytta glasa i tårnet frå vestsida til nordsida, avdi storm og uver pressa vatn gjenom til bindingsverket slik at dette såleis tok skade. Ved den vøling som vart gjenomførd i 1974 er glasa flytte tilbake der dei opphaveleg var, då ein nå har betre hjelpemidlar til å få slikt tett. 

Til 50 årshøgtida i 1932 vart det teke ei større omvøling med oppmåling. Målarmeister Hans Vindenes hadde halde eindel målarkurs i kommunen i samband med dei snikkarkursa som hadde vorte haldne her i ei årrekkje, og han synte seg å vera ein svært dugande mann i målarfaget. Han var litt av ein kunstnar-. Og soknerådet gav han såleis i oppdrag å måla opp kyrkja. Det er såleis hans verk, slik kyrkja har presentert seg sidan. Ei original framstilling kanskje, men ein har inntrykk av at folket likar den såleis. 

Det vart vidare gjeve teppe på gangen samstundes av ein anonym gjevar. Med åra har det kome så mange nye ting til, på så mange omkverve, og det var berre rimeleg at enkelte ting av dette kom også kyrkja til gode, for å gjera den betre skikka til si teneste. 

I 1957 vart det innlagd el. lys. Og i samband med dette vart det kjøpt lysekrune og lampettar. Dei var laga av metallstøypar August Hole i Bergen. I 1958 vart det installert e.l. vifte i orgelet. I 1960 vart det installert e.l. oppvarming. Og i samband med den vart det isolert med glasvatt i golv og tak for å få det lunare i det heile. 

Det hadde i si tid vore bygt eit lite skur, til privat bruk, på eit berg utanfor kyrkjegarden. Dette var nå i ein mindre bra tilstand, og soknerådet fann at det måtte gjerast noko for å få ei betre løysing på det spørsmålet. 

Arkitekt Tryti kom på plassen og fann at beste løysinga ville verta om ein bygde til eit nytt tilbygg til sakresti og barneromet. Det ville gjere det romsleg på ymse måtar der, og så bygde ein sanitæranlegg i underetasjen. Desse planane vart med tid og stunder godkjende av kyrkjedepartementet, og tiltaket vart gjenomført i 1965. Det var i alle måtar eit stort framsteg då ein også samstundes fekk innlagd vatn til sakresti og barnerom med varmvannstank. 

Til jul i 1960 gav Anna og Martin H. Matre døypefat med mugge i sylv til kyrkja. Dermed var den delen av kyrkjeutstyret også vorte meir verdfullt, og hadde fått fått eit vakrare preg over seg. Det hadde frå tid til annan vore klaga over at kyrkjebenkane var så vonde å sitja på, at det gav seg utslag i vonde ryggar. Det var kanskje noko overdrive. Men gode var dei i alle høve ikkje. Sognerådet fann grunn for å ta opp dette spørsmålet. Samstundes så var målinga som var påmåla i 1932 også teken til å skala av. Vidare stod magasinomnen og loddpipa nå ivegen då ein hadde e.l. oppvarming, så i det heile var det grunn for å få gjort noko med desse ting. 

Arkitekt Ole Halvorsen vart kontakta, og lova å ta seg av oppgåva. Med det vart ei oppgåve som tok lang tid. Det synte seg at dette med å få til godkjenning på nye benkar med breiare sæte og større helling i ryggen møtte motstand hjå dei antikvariske styresmakter, så saka gjekk fram og attende mellom dei ymse kontor mange gonger. Til slutt sende soknerådet inn teikning av mål av benkene. Då såg dei truleg at det ikkje var utan grunn spørsmålet vart reist, og godkjenninga kom vonom før. 

Under planlegginga fann arkitekten at eit tilbygg til tårnet ville gjeva kyrkja eit vakrare eksteriør, då det høge tårnet dominerte altfor mykje. Dette fann både soknerådet og dei andre styresmakter som saka var innom, var rett og difor vart det i same samanheng med arbeidet innvendig, også teke med tilbygg på båe sider av tårnet. Den sida mot sør vart påbygt eitt garderobe- eventuelt bårerom. Og til sida mot nord vart påbygt utvida gang. Grunnarbeidet er utførd av Malvin Torsvik og Søren Kvamsdal. Kvinge Møbelverkstad fekk arbeidet med benkane og glas i tårn og tilbygg. Reidar Kvamsdal med sine arbeidarar, fekk byggjearbeidet, og alt er vel fråseggjort. 

Distriktsantikvaren var på synfaring saman med arkitekten, målarmeister Strønen frå Os og eindel andre antikvariske akspertar, før arbeidet tok til. Dei var alle samde om at fargesamansetjinga til Vindenes var såpass fagleg at det ville vera vanskeleg å freista brigda på den, samstundes som at målinga hadde ein slik karakter, sjølv om ein ikkje kunne snakka om antikvarisk verdi, at dei tilrådde å halda på den gamle stilen. 

Denne løysinga vart også soknerådet samd i. Og dermed måtte det finnast løysingar til å gjenomføra dette.  
Distriktsantikvaren var så interessert i tiltaket, at han tilbaud å senda innover ein konservator, for å retta oppatt dei skader som dekorasjonane hadde fått. Dette vart til stor hjelp både fagleg og økonomisk. 

Det andre målararbeidet utførde målarsvenn Jon Kvamsdal. I det heile var det godt utførd arbeid av alle. Utover dette vart det også skifta nytt skinn på altarringen, utførd av Knudsen i Marken. Dertil vart det lagd teppe på gangen, kjøpt ved midlar innsamla av kyrkjelyden. Det var tidlegare installert høyre- og høgtalaranlegg etter elektronikk-prinsippet. Dette var til stor hjelp for dei som høyrer tungt. 

Ved avslutningspreika gav Klara og Harald Øysæd ein blomstervase i sylv, til minne om deira presteteneste gjenom mange år. Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap har gjeve 15.000 kr. til arbeidet. Utlegg ut over denne summen har kommunen betalt. 

I det heile har ein inntrykk av at dei fleste er samde om at kyrkja nå er vakker, og vel tenleg til å tena kyrkjelyden med dei oppgåver ei kyrkje har.