Trusopplæring


Trusopplæringa er kyrkja sitt tilbod om hjelp til fadrar og føresette til å halde lovnaden dei ga då barnet vart døypt: Å hjelpe dei til å leve og vekse i den kristne trua.

I løpet av barne- og ungdomstida får borna helsingar og invitasjonar til ulike tilstelningar og tilbod :

  • Dei minste får helsingar på eitt-, to- og treårsdagen for dåpen.
  • Fireåringane vert inviterte til kyrkja for å få fireårsboka.
  • Femåringane har fleire samlingar i kyrkja, og lagar eit eige dåpsskuleteppe.
  • Sju-, åtte- og niåringane vert inviterte til Tårnagenthelg for å verte betre kjende med kyrkja si.
  • Tiåringane får bibelboka "Guds barn", der biskop Desmond Tutu formidlar mange bibelforteljingar.
  • Elleve-, tolv-, og trettenåringane vert invitert til "Lys våken", der dei får overnatte i kyrkja.
  • Konfirmantåret startar det året dei fyller fjorten.

Det er i liten grad tilbod til dei eldre ungdomane. Lang skuleveg eller flytting for elevar på vidaregåande skule er ein viktig faktor her.

Her kan du lese om hendingar og tiltak som skjer i samband med trusopplæringsarbeidet :

 

Tårnagenthelg

Bli med på å utforska klokketårn, symbol og bibelforteljingar i kyrkja!

Les meir