Soknemøtet


Soknemøtet er eit forum der alle som er medlemer i soknet, kan uttale seg om saker soknemøtet skal drøfte. Nedunder kan ein lese kva som står i Handbok for sokneråd og fellesråd om soknemøtet.

Nedst på sida vil ein finne eit oversyn over saker soknemøtet skal drøfte, etter kvart som desse vert publiserte.

I kyrkjelova § 10 og § 11 finn ein dei grunnleggjande lovreglane om soknemøtet, om kven som kan delta og røyste på møtet, kven som kan kalle inn til møtet, i kva saker soknemøtet har avgjerdsrett, og i kva saker det berre kan eller skal uttale seg.

Soknemøtet er først og fremst eit rådgjevande organ, men har òg avgjerdsrett i visse spørsmål. I praksis blir soknemøtet oftast kalla inn når det skal takast avgjerd i lovsaker som er aktuelle for soknet. Det er til dømes soknemøtet som avgjer kor mange medlemmer soknerådet skal ha. Soknemøtet rår og over innføring av ny godkjent liturgi når Kyrkjemøtet har overlate det til soknemøtet og kva målform som skal nyttast i liturgien.

Kyrkjemøtet har gitt nærmare reglar om formene for menighetsmøtets virksomhet. Reglane kan ein finne i Lovsamling for Den norske kyrkja og på nettstaden www.kyrkja.no - peik og klikk her.

Soknerådet skal kvart år innan 1. mars utarbeide ein årsrapport over rådets verksemd i siste kalenderår. Rapporten skal leggjast fram før soknemøtet.
I alle sokn skal det kvart år haldast eit soknemøte der ein legg fram for medlemmene årsrapport, rekneskap, arbeidsprogram og budsjett til orientering, jf. kyrkjelova § 9. Dette årlege soknemøtet gir grunnlag for debatt om planar og prioriteringar. Dermed er soknemøtet ein god plass for deltaking og engasjement i lokalkyrkja jf. kap. 2.10 og vedlegg 3 § 9. Frista for å leggje frem revisorfråsegn til rekneskapet er 1. april. Soknemøtet bør difor haldast ein gang etter dette.

Det er soknerådet som førebur sakene som soknemøtet skal fatte vedtak i, jf. kyrkjelova § 9 sjette ledd og § 11 tredje ledd. Personalsaker skal ikkje opp på soknemøtet. Møtet kan drøfta meir prinsipielle spørsmål knytt til arbeidssituasjonen i soknet, men einskildpersonar og aktuelle personalsaker skal ikkje drøftast i eit slikt forum.