Dåpen


Dåpen er ei av dei store hendingane i familien. Dåpsdagen er ei markering og feiring av barnet som er født.

Men dåpen er noko meir: Dåpen er eitt av kyrkja sine to sakrament. Det er ei heilag handling kyrkja utfører på oppdrag frå Jesus.

Det er ikkje uvanleg at menneske som ikkje er blitt døypt som born, i vaksen alder vel å late seg døype. Også dette kan skje innan kyrkja sine rammer.

Den norske kyrkja har publisert ein del informasjon om dåpen. Denne kan du nå ved å peike og klikke her.

Nedunder finn du ein del informasjon om dåp i Masfjorden.

 

Velkomen til dåp i kyrkja

Det er høgtidsstemning i kyrkja. Klokkene ringer, og inn kjem prosesjonstoget med ei stolt storesyster som ber mugga med vatnet i. Bak kjem...

Les meir

 

Praktisk informasjon om dåpen

Det mest vanlege er å ha dåp når barnet er 3-5 mnd, men ingenting er i vegen for å ha det før, eller seinare. Når ein har bestemt seg for å...

Les meir