Administrasjonsutvalet 

Administrasjonsutvalet er eit partssamansett utval, med to representantar for soknerådet og ein representant for dei tilsette. Administrasjonsutvalet førebur saker knytt til personalforvaltning for fellesrådet, og kan få mandat til å ta avgjerd i saker, dersom fellesrådet har gjeve utvalet fullmakt til dette. Desse er medlemer i administrasjonsutvalet:

  • Rune Garmann, soknerådsmedlem
  • Dina Merete Kallestad Dyrhovden, soknerådsmedlem
  • Helga Ekehaug, tilsett

Arbeidsutvalet

Arbeidsutvalet er sett saman av sokneprest, kyrkjeverje og leiar av soknerådet. Arbeidsutvalet er eit ad hoc-utval som går gjennom saker etter kvart som dei kjem opp, og hjelper kyrkjeverja med å førebu saker som skal fremjast for sokneråd og fellesråd. Desse er medlemer i arbeidsutvalet

  • Harald Sundsbak, fungerande sokneprest
  • Eli Eidsnes, kyrkjeverje
  • Rune Garmann, leiar i soknerådet