Soga om Sandnes kyrkje

Sandnes kyrkje  
Forfatter: Alf Strand

Kyrkja som no står på Sandnes vart bygd i 1845, men Sandnes hadde vore kyrkjestad lenge før det.  
  
Akkurat kva tid den fyrste kyrkja vart reist der, veit me ikkje, men ein reknar med at det har vore i mellomalderen ein gong. I alle fall stod det ei kyrkje der i 1528, og sannsynlegvis var ikkje kyrkja ny då heller. 

Såleis var det ei kanskje 500 år gammal kyrkje som vart riven i 1844/45. 

SOGA OM SANDNES KYRKJE 

  

Kyrkjestaden Sandnes  
Kyrkja som no står på Sandnes vart bygd i 1845, men Sandnes hadde vore kyrkjestad lenge før det.  
Akkurat kva tid den fyrste kyrkja vart reist der, veit me ikkje, men ein reknar med at det har vore i mellomalderen ein gong. I alle fall stod det ei kyrkje der i 1528, og sannsynlegvis var ikkje kyrkja ny då heller. Såleis var det ei kanskje 500 år gammal kyrkje som vart riven i 1844/45. 

Segna fortel at det var strid om kvar den fyrste kyrkja i Masfjorden skulle stå. Usemja gjekk på om ho skulle byggjast på Risnes eller på Sandnes. Tømmeret til kyrkja var hogd, og for å få avgjort kvar kyrkja skulle stå, vart tømmeret kasta på sjøen, så det kunne reka dit det ville. Der tømmeret landa, skulle kyrkja byggjast. 

Tre gonger vart tømmeret kasta på sjøen, og kvar gong tok det land på Sandnes. Dermed var striden avgjort og kyrkja vart bygd der. 

Korleis såg gamlekyrkja ut ?  
Det finst ikkje nokon teikning eller maleri av den gamle kyrkja, men i Frølich si bok om -Fjon eller Masfjorden- er der ein del opplysningar som gjer at me kan sjå føre oss dette eldste kyrkjebygget. Det var ei lita tømmerkyrkje med eit firkanta tårn og eit våpenhus av stavar. Koret var 7 m i kvadrat, sjølve  
kyrkjeskipet 12 m langt og 9 m breidt. Våpenhuset var 3,5 m langt og 4,8 m i breidda. Kyrkja hadde tjørebredd bordkledning utvendig og hadde pannetak. Innvendig var ho umåla.  
Det var ikkje noko galleri, men det var sett opp nokre kyrkjestolar oppe på veggane slik at det skulle verta litt betra plass. Mellom skipet og koret var der ein vegg, og golvet i koret låg litt høgare enn sjølve kyrkjegolvet. Kyrkja var bordkledd under bjelkane -som i en almindeleg stue. 

Der var to kyrkjeklokker, dei same som er i bruk i dag. Den eine av dei er svært gammal, kanskje heilt frå mellomalderen, den andre er frå 1654. I den gamle kyrkja stod ringjaren rett innafor kyrkjedøra og drog i taua som sette kyrkjeklokkene i gong. 

Kyrkja vert for liten  
Denne gamle kyrkja vart etter kvart for liten. Masfjorden var det folkerikaste soknet i Lindås prestegjeld og Sandnes var den einaste kyrkja i Masfjorden. Folketalet i soknet steig, og det var trangt om plassen i kyrkja på preikesundagane. Spørsmålet om utviding av kyrkja eller nybygg kom difor opp  
for fullt i starten av 1800-talet. I tillegg til at kyrkja var for liten, var ho og gammal og i dårleg stand. 

Sandnes kyrkje var i privat eige. I 1750-åra hadde soknepresten i Lindås, Ludvig Daae, sikra seg eigedomsretten til fleire kyrkjer i Nordhordland, mellom dei Sandnes kyrkje. Ludvig Daae sine etterkomarar på Frøyset og Risnes kom i lang tid til å vera eigarar av kyrkja. 

Påbygg eller ny kyrkje ?  
I 1843, den 1. november var -Sandnes sogns Formænd og Repræsentanter- samla på Sandnes for å diskutera kva som skulle skje med kyrkja. Sommaren 1843 hadde det vore prostevisitas, og då var det på nytt påpeika at -Sandnes kirke var altfor liden, at den altid, naar der holdtes Gudstjeneste og Veiret var nogenlunde godt, var overfyldt med Mennesker, hvilket var til megen Ulempe og forstyrrede  
Andagten, og at der ikkuns, naar Veiret hindrede en stor Del af Menigheden at komme til kirken, kunde siges at være nogenlunde ordentlig Plads for Tilhørerne-. 

Difor hadde prosten skrive til ordføreren, som då var Lars Johannesson Elvik, og bede om at representantskapet måtte koma saman for å diskutera denne saka. Ingen såg seg syne med å byggja på den gamle kyrkja, til det var ho altfor gamal og i for dårleg stand. Eigarane var og til stades på møtet og  
tilbaud seg å overlata Sandnes kyrkje til kyrkjelyden, mot at kyrkjelyden sjølv sytte for å få bygt ny kyrkje. Dette vart det til slutt semje om, og det vart og vedteke å søkja om eit rentefritt lån på fem år i oplysningsvæsenets Understøttelsesfond. 

Steinkyrkje eller trekyrkje ?  
Representantane meinte at kyrkja skulle byggjast i stein, at grunnflata skulle vera så stor at den nye kyrkja ville verta nesten dobbelt så stor som den gamle, og at kyrkja måtte byggjast på ei tomt om lag -100 Alen- frå den gamle kyrkja, då den gamle tomta ville verta i minste laget.  
Dei rekna med at det ville kosta om lag 1500 Spesidalar (tilsvarar om lag 6000 kr) å få opp ei ny kyrkje. I tillegg kom pliktarbeid for oppsitjarane i Masfjorden. Men det vart straks usemje om vedtaket. 

Folk likte ikkje at kyrkja skulle byggjast i stein, og dessutan var dei ikkje sikre på at tomten var eigna til å tåla ein så stor steinbygning. 

17. mars 1844 vart det nytt møte, no under leiing av den nye ordføraren, res. kap. P. A. Jensen. Representantane gjekk då tilbake på sitt førre vedtak. Dei hadde vore på synfaring og funne ut -at den fremførte Anke mod den paatænkte Tomt ikke var aldeles uden Grund-. Dei vart difor samde om at  
kyrkja skulle byggjast i tre, men storleiken skulle vera slik dei før hadde bestemt: 30 alner lang, 16 alner brei og 8 alner høg, alt innvendig mål. 

Byggearbeidet skulle ta til i mai 1845, og kyrkja skulle stå ferdig om hausten same år. 

Motstand mot å yta tilskot  
Men det var atskillige skjer i sjøen før ein kom så langt. Utgiftene til kyrkjebygginga skulle utliknast etter matrikkelskylda på kvart bruk. Kvar gardbrukar skulle og levera materialar til kyrkja. Det vart stor misnøye med dette. Somme såg seg ikkje råd til å betala og skreiv til formannskapet og bad seg fritekne.  
Men formenn og representantar står på sitt: Dei ser ingen grunn til å la nokon sleppa unna betalinga dei er pålagde, og aller minst dei som skriv brev og ber om det, då det er vel kjent -at de hører til de Velstaaende i Sognet-. Og dei totale pengeutgiftene på kvar gardbrukar vil neppe komma til å overstiga 6-7 spesidalar. Representantane meiner at dette ikkje er noko å klaga på. 

Sjur Rasmusson Hole frå Hosanger vart sett til å stå føre bygginga. Han skulle ha med seg seks -duelige Arbeidsfolk-. Byggenemnda var sett saman av res. kap. Jensen, Thor Bergsvik som oppsynsmann og Erik A. Riisnes som kasserar. 

Byggjearbeidet gjekk sin gang, sjølv om det stundom måtte setjast i verk særskilte og uvanlege tiltak for å få fortgang i arbeidet. Også når det galdt sjølve konstruksjonen, vart det strid. Erik Sandnes meinte at det måtte leggjast ein bjelke tversover kyrkjeskipet over preikestolen. P. A. Jensen protesterte mot det, men måtte gje seg. Frølich skriv at han -kjendte ikke til vindflagene paa Sandnes, men at han nok  
seinare hadde merka at bjelken var heilt nødvendig. 

Kyrkja stod ferdig hausten 1845 og vart straks teken i bruk. Rekneskapen for kyrkjebygget vart oppgjort i 1846 og viste at i tillegg til pliktarbeid hadde det gått med 1096 spesidalar og 64 skilling. Samanlikna med den gamle kyrkja var den nye eit både romsleg, lyst og vakkert bygg. 

Vedlikehald og restaurering  
Kyrkja vart måla innvendig då ho var ny. Det vil seia, det var berre kyrkjekvelvingen, preikestolen, framsida av galleriet, framsida av kyrkjestolane med dører og kyrkjedørene som vart måla då. 10 år seinare vart kyrkja kvitmåla utvendig.  
Framleis var Sandnes kyrkje den einaste kyrkja i Masfjorden. Og framleis var kyrkja av og til for liten for denne store kyrkjelyden. Då oppsitjarane i indre Masfjorden tok opp spørsmålet om ei eiga kyrkje for desse gardane, vart det først vedteke å riva Sandneskyrkja og byggja ho opp att på Solheim og i staden byggja ei større kyrkje på Sandnes. Men dette vart det då ikkje noko av. 

Derimot stod ei ny kyrkje på Solheim ferdig i 1882 og frå då av var Masfjorden prestegjeld delt i to sokn. I kvart sokn stod det ei kyrkje som var stor nok i høve til folketalet i soknet. 

I 1882 vart det til Sandneskyrkja bygt sakresti med barnerom. Det var eit stort framsteg både for presten og for dei som kom med dåpsborn. I barnerommet var det nemleg omn. Det var det ikkje i kyrkja. 

Nye kyrkjestolar  
Frå fyrst av hadde sjølveigarane på gardane i soknet sine faste stolar i kyrkja. Slik var det fram til 1885. Då vart det vedteke å frigje stolane, slik at folk kunne sitja kvar dei ville. Frølich skriv at dette var eit stort framsteg for plassmennene og andre som ikkje var gardbrukarar, t.d. tenarane. Også ungdommane kunne no sitja i kyrkja. Tidlegare hadde dei hatt plassen sin på lemmen. Frå no av var det berre presten,  
klokkaren, lærarane og medhjelparane som hadde faste plassar i kyrkja. Samstundes vart stoldørene fjerna og selde til inntekt for kyrkja.  
Dei gamle benkene vart tekne bort ved ei større innvendig restaurering i 1907. Dei nye var nokså ulike dei som hadde vore der frå kyrkja var ny. Dei benkene som no er i kyrkja, kom på plass ved restaureringa i 1965. Dei minner meir om dei opphavelege benkene. 

Kyrkja får orgel  
Det fyrste orgelet kom på plass i kyrkja i 1890. Det var ei gåve frå Marta Riisnes, enkja etter kyrkjesongar Erik Arneson Riisnes. Orgelet hadde tidlegare vore brukt i ei kyrkje i Bergen. Dette orgelet vart plassert i koret ved trappa opp til preikestolen og var i bruk fram til 1912. Då vart det kjøpt nytt for innsamla midlar.  
Galleriet måtte ombyggjast for å finna plass til det nye orgelet. Dermed måtte det og lagast eit nytt tilbygg i vestre enden av kyrkja for at ein skulle få plass til trappa opp til galleriet. Våpenhuset stammar altså frå den ombygginga. Som me seinare skal sjå, har det vore ein viss diskusjon om forma på dette våpenhuset. 

Det noverande orgelet kom på plass i 1976. Det er eit godt orgel som i dei seinare åra i tillegg til vanleg gudstenestleg bruk og har vore mykje nytta til konsertar. 

Ombygginga i 1907  
Ved ombygginga i 1907 var det ikje berre dei gamle kyrkjestolane som vart tekne bort. Det vart og sett inn søyler mellom koret og skipet, slik at kyrkja innvendig fekk ein noko annleis utsjånad enn før. Då Frølich vitja Masfjorden i 1919, skriv han om Sandnes kyrkje: -Den før ikke saa skjønne kirke paa Sandnes er nu ikke til at kjende igjen, og er i det hele dens utseende blit en hovedkirke efter vor tid værdig-. Det er tydeleg at i alle fall han er godt nøgd med det ombyggingsarbeidet som var gjort. Først i 1912 fekk kyrkjerommet omn. Det vart då sett inn to magasinomnar. Samstundes vart vegger og tak kvitmåla, og også benkene og dei nye søylene vart måla. 

Ny ombygging i 60-åra  
Det var på tale å føreta ei ny restaurering før hundreårsjubileet, men okkupasjonstida gjorde at dette ikkje vart noko av. Men tidleg i 1960-åra kom det siste store restaureringsarbeidet i gang. Fyrst måtte ein gjera noko med sakristiet, då det tidleg hade vist seg at det var bygt på sviktande grunn. No vart det sprengt ut kjellar, og sakristiet vart med det same påbygt slik at ein fekk plass til ein kyrkjelydssal. I kjellaren vart det bygd toalett. 

Arbeidet med sjølve kyrkjeskipet vart påbyrja våren 1965. Då isolerte ein veggene og tekte dei med liggjande panel. Også golvet og kvelven vart isolerte. Samstundes vart tårnet tekt med koparplater. Så vart det sett inn nye benker, meir i stil med dei som hadde vore i kyrkja før 1907. No vart det og lagt inn elektrisk lys og dessutan oppvarming i benkane. 

Eit stort diskusjonstema var om ein skulle endra våpenhuset. Arkitekten hadde mest lyst til det, for då kunne ein få eit våpenhus som stod meir i stil med kyrkja elles. I tilfelle måtte trappa opp til galleriet flyttast innatt i kyrkja. Det sette fleirtalet på soknemøtet seg imot. Men for ikkje å låsa denne saka for alle tider, vart det ikkje sett inn faste benker bak i kyrkja på søre sida. 

Hausten 1983 tok ein så i bruk det nye bårehuset med toalett som er fint plassert inn mot bakken på vestsida av kyrkja. Og i 1994 fekk ein ordna kyrkjetrappa og gjort kyrkja tilgjengeleg for rørslehemma. 

Kyrkjegarden  
Så lenge det har eksistert ei kyrkje på Sandnes, har der også vore ein kyrkjegard, der dei døde vart gravlagde. Dette er såleis den eldste kyrkjegarden i Masfjorden. I tidlegare tider var det slik at det var slekta og naboane til den døde som sytte for å føra den avlidne til kyrkjegarden, grava opp grava og gjera den ferdig etterpå. I alle fall den tid Lindås og Masfjorden var eit prestegjeld, var det sjeldan at prestane  
var med i gravferda. Til det var avstandane for lange. Han føretok jordfesting ein preikesundag. Då vart det gjerne mange jordfestingar. I ei av kyrkjebøkene for Eivindvik prestegjeld frå 1700-talet har eg funne følgjande som presten har skrive om embetsplikter han har utført ein søndag: -Kastet jord på 5 lig-. 

I samband med kolera-epidemiane her i landet i 1840-åra, kom det krav om at det skulle lagast til særskilte kyrkjegardar som skulle nyttast i slike tilfelle. Masfjorden fekk sin kolerakyrkjegard i 1849. Den ligg i Amundsbotten, rett sør for skulen. Men etter den tid var det slutt på desse epidemiane på våre kantar, så kyrkjegarden i Amundsbotten var visstnok ikkje vore brukt som kolerakyrkjegard. 

Kyrkjegarden vert utvida  
Frølich skriv at det i 1889 vart gjort vedtak om at kyrkjegardsportane skulle haldast attletne, slik at husdyra ikkje skulle koma inn. Dette var eit stort framsteg. Det vart no råd for dei pårørande å stella og pynta på gravene og på den måten ta vare på minnet om dei døde. 

Kyrkjegarden på Sandnes har vore utvida fleire gonger. I 1890-åra vart det føreteke ei større utviding. Då kom det og port i kyrkjegardsmuren på vestre sida. Tidlegare hadde det berre vore veg opp til kyrkja frå nordsida. 

Siste utvidinga av kyrkjegarden var i 1990, då eit område på austsida vart lagt inn og opparbeidd til gravplass. Det hadde då ei tid vore planlagt å utvida kyrkjegarden vestover, men desse planane vart endra. 

Folkelivet ein preikesundag  
Før vegsambandet på sørsida var ferdig midt i 60-åra, kom dei aller fleste kyrkjegjengarane til Sandnes kyrkje sjøvegen. Dei ymse gardane hadde sine visse lendingar der kyrkjefolket gjekk i land og la båtane. Ola R. Midtbø har laga ein oppteikning av kvar folk frå dei ulike gardane lende i 1820-åra. Han har skrive ned opplysningane -etter so eg hev høyrt av dei gamle. Det var lite med kaier på den tid. Lat oss sjå på kvar folket la frå seg båtane. 

Båtstøer på rekkje og rad  
Då det leid til kyrkjetid kom kyrkjebåtane frå Nordre og Søre Kvinge og Kvingedalen om Brimneset og stemnde mot Sandnes. Og dei var ikkje åleine på fjorden. Frå alle gardar kom folk på kyrkjeveg, seglande eller roande. Folket frå Kvinge og Kvingedalen hadde sine båtplassar i Sandnesvika ved naustet til bnr. 1. Samstundes kom folket frå Raunøy og Areklett til sine båtlende litt lenger nord, nedanfor der  
legebustaden no står. Endå lenger nord,om lag der butikken er no, gjekk folket frå Hope, Mjanger og Elvik i land. Ved naustet til landhandlaren på Neset la folket frå Haugsøy, Haugsdal, Rambjørg og Tangedal sine båtar, medan -sleiringar og vågingar, som Ola Midtbø skriv, gjekk i land ved prestebrygga. 

Lenger innover i fjøra kom dei og la til lands, båtane frå dei andre gardane: Fyrst Hosteland, Halsøy og Duesund på vestsida av Sandnesskjeret, vidare på austsida fyrst Molland og Reknes, deretter Nørland, Totland, Ådnekvam og Andvik. Lenger aust, i retning av der ferjekaien ligg i dag, lende folket frå Trodal og Matre, Lauvik og Bersvik, Hope, Solheim og andre -innfjordingar- i rekkefølgje. Lengst aust hadde  
folket frå Haugsvær og Haugsdalen sine landingsplassar. 

Då presten kom og steig i land på prestebryggja, var der fullt av svartbredde båtar langs fjøra på Sandnes. 

Kyrkjebakken som samlingsstad  
Kyrkja og kyrkjebakken hadde i tidlegare århundre og langt inn i vårt eige ein viktig funksjon som samlingsstad for folket. Der fekk ein helsa på slekt og kjenningar ein elles sjelden trefte, der kunne ein spørja nytt og gjerne slå av ein handel. Her vart viktige kunngjeringar opplesne. I den tida Sandnes var  
einaste postkontoret i Masfjorden, og sikkert tidlegare og, vart posten utdelt på kyrkjebakken preikesundagane. 

Ola Midtbø skriv at Sandnesbakken, mellom naustet på nedsida av kyrkja og kyrkjegarden, var samlingsstad for kyrkjegjengarane i gammal tid. Det var også der folk samlast ved bryllaup. Seinare, då det kom veg frå prestebryggja og opp til kyrkja, vart det Steinane som vart samlingsstaden.  
Desse steinane låg omlag der vegen opp til kyrkja tek av i dag. Midtbø meiner at denne vegen vart bygd i 1890-åra. Då vart kyrkjegarden utvida, og det kom led i kyrkjemuren på vestre sida, skriv han. 

Prestestova på Neset  
Før sakristiet vart bygd attåt kyrkja i 1882, hadde stova til handelsmannen på Sandnes tent som møtestad for dei som hadde ærend til presten. Frølich skriv at -prestestova- hadde vore -et historisk sted. -Et sted for avgjørelsen av mellemvær, prest og menighet imellem, av alverdens art. 

Frølich reknar opp ein del av dei forretningar som hadde vorte avgjort i denne stova fram gjennom åra: avtalar om kyrkjelege handlingar og betaling for desse, innskriving av konfirmantar, gåver til presten -av naturalier, forlig vart inngått mellom medlemmer i kyrkjelyden osb. På grunn av dei lange avstandane var det naturleg at folk søkte kontakt med presten først og fremst på preikesundagane. 

Stor tilstrøyming til gudstenesta  
I boka si skildrar Frølich og folkelivet ved Sandneskyrkja om søndagane i den tida han var prest her. Det gjev oss eit lite samtidsbilete. Særleg på konfirmasjonssøndagane og fine sommarsøndagar var tilstrøyminga til kyrkja stor. Ja, så mykje folk kunne det koma, at alle ikkje fekk plass, men måtte nøya  
seg med å stå utanfor og prøva å få med seg det som føregjekk gjennom dei opne vindauga og dørene. 

Etter kvart som båtane la til ved sine faste landingsstader, steig folket i land og gjekk inn i nausta for å føreta den siste finpussen før dei gjekk opp til kyrkja. På vegen vart det tid til å helsa på og samtala med folk frå andre gardar og andre kyrkjebåtar. Fyrst då ringjaren sette i gong kyrkjeklokkene i det han såg presten leggja til ved Prestebryggja, byrja kyrkjefolket å gå inn. 

Det var ikkje fritt for at det vart gjort handel på Sandnes preikesøndagane, seier Frølich. Det var både bytehandel mann og mann i mellom og kjøpehandel hjå landhandlaren, men han meiner dette var heilt nødvendig for dei som hadde lang veg. Dessutan meiner han handelen var -av saa uskyldig art- at han verka -ikke som nogen helligbrøde. 

Dei fyrste handelsmennene på Sandnes selde brennevin også om søndagane, men dette vart etter kvart forbode. 

KYRKJEREIS I TIDLEGARE TIDER

Når ein i gammal tid skulle til Sandnes kyrkje, måtte ein nytta båt. Folket budde langs fjorden, og sjøen var den naturlege framkomstvegen den gongen. Frå gardane langs stranda frå Andvik til Kvingo var båten framkomstmiddelet. Like eins frå gardane på vest-og nordsida av Masfjorden til Frøyset kyrkje vart teken i bruk i 1937. Før Solheim kyrkje stod ferdig i 1882 nytta også folket i indre fjorden Sandneskyrkja og kom då sjølvsagt i båt. 

EIN STREVSAM KYRKJEVEG  
For Areklett, Duesund og gardane elles som låg til sjøen, var båttransporten etter måten grei. For folket på dei gardane som låg meir inne i landet, var ei kyrkjereis ikkje fullt så enkel før dei kunne koma seg til sjøen og båten for vidare reis fram til kyrkja. 

Sleire hadde eigne naust og båtstø i Frøysetvågen. Byrkjeland, Kvamsdal og Lauveide hadde naust og båtstø i Austevågen, eller folket måtte ta seg fram til Hosteland før dei kunne gå om bord i kyrkjebåten.  
Til vanleg vart nytta hest og vogn eller slede til reisa til sjøen. Hestane vart sette inn i eit naust eller på ein ledig fjøsplass og måtte stå der med ein godt stappa høysekk til niste til folket kom att frå kyrkja. 

Kyrkjefolket måtte stå tidleg opp for å koma fram til kyrkja til kl.11 søndag føremiddag. Særleg galdt det dei som hadde lang veg til sjøen og som vinters dag kunne fà uventa vanskar på vegen. I tillegg til å bu seg til kyrkjereis hadde mange også husdyrstell som måtte utførast for dei reiste. 

BÅTANE DEI BRUKTE  
I den tid det vart nytta robåtar, for årar og segl, var det 3-keipingar og 4-keipingar som vart mest brukte.  
På einskilde gardar, m.a. Risnes, var det og 5-keipingar. Det vart også nytta seglbåtar. Desse var noko større enn 5-keipingen og sterkare bygd. 

Det var til vanleg mannfolka som sette seg til årane. Opptil 6 mann på ein 3-keiping, 8 mann på ein 4-keiping og 10 mann på ein 5-keiping. Kvinner og born fann så plassen sin på ledige tofter, særleg var plassen framme og bak i -rongja- på båten særs populær. Når vinden var lagleg, vart det heist segl og dei  
kunne spara på kreftene. På desse ferdene slo folk seg saman, ofte fleire huslydar, slik at båtplassen vart utnytta. 

KYRKJEKLEDE  
Alle var godt kledde til kyrkjeferda. Dei hadde sine spesielle kyrkjeklede som berre vart nytta til kyrkjebruk og fest. Mennene hadde vadmålsdress og kvit skjorta, gjerne med laus snipp eller guttaperkakrage. Skorne var av ler og som regel heimelaga. Kvinnene var kledde i stakk og trøye av vadmål, med sjal og svart- eller kvithuva som hovudbunad. På kyrkjeferda hadde dei som regel med seg -storeklut. Denne var god å ty til når det var surt og kaldt på reisa.  
Framkomne til Sandnes var det, særleg for kvinnene, å gå inn i eit av nausta for å ordna seg på kleda o.a. før dei gjekk opp til kyrkja. 

Kyrkjereisa var lang, og det var vanleg at det vart teke med niste på turen. Maten vart nytt etter gudstenesta, på kyrkjebakken eller i nausta i fjæra etter som vertilhøva var, eller i båten på fram- eller tilbaketuren alt etter som svolten melde seg. Særleg dei yngste vart tidleg svoltne og trong mat. 

Det var eit særs vakkert syn å sjå alle båtane som stemna fram til kyrkja på Sandnes ein søndagsmorgon, særleg når veret var fint og sjøen låg blank og still. Der kom båtar gjennom Kvamsøysundet, om Areklettangen, om Skolmen, frå Duesund og fjorden innanfor. Alle stemnde mot Sandnes og båtstøene nedanfor kyrkja. 

MOTORBÅTEN KJEM  
Frå århundreskiftet og fram mot 1920-åra kom dei fyrste motorbåtane til bygda. På lengre turar vart no robåten avleggs. Med motorbåt kunne ein koma snarare og meir komfortabelt fram. 

Motorbåten Fram, eigd av handelsmann Ole S. Nygård, var ein av dei aller fyrste som kom til bygdene her. Det var i 1906. Denne båten vart snart teken i bruk som kyrkjebåt. Det vert fortalt at ein original i bygda, -Kjekadlen- kalla, alltid måtte få stå til rors på kyrkjeturane. Han styrte så mykje fortare  
enn andre, påstod han sjølv! 

Etter kvart vart det også kjøpt inn større farty, skøyter, som vart nytta til fjordfiske og til dels fraktfart. Desse fartya vart no nytta til kyrkjebåtar, og dei kunne ta med folk frå fleire stoppestader på veg til kyrkja. På større kyrkjedagar, som ved konfirmasjon t. d., kunne skøyta vera fullasta med folk når ho med flagget til topps la inn til bryggja pa Sandnes. 

Mange hugsar enno at Kvingeskøyta, Andvikskøyta og Lillegutt frå Nordbygda kom fullasta med folk til kyrkje. Ved bryllaup var brudebåten pynta og førte flagg. Ved gravferd hadde alltid fartyet flagget på halv stang.  
Det var vanleg at gravferdsbåten på veg til kyrkja og kyrkjegarden ved avreis tok ein tur rundt vågen medan han gjorde signal med fløyta. Dette var som ei siste helsing til heimstaden frå den som tok ut på si siste reis. 

Etter at det kom vegar i 1960-åra, har det stort sett berre vorte nytta bilar når ein skal til kyrkja, anten buss i kyrkjerute eller privatbilar. Det har såleis vorte meir lettvint og komfortabelt å koma til kyrkje i vår tid enn det var før, men ein må nok konstatera at kyrkjesøknaden i tidlegare tider var større sjølv under vanskelegare tilhøve. 

Å GÅ FOR PRESTEN  
Etter å ha gått 7 år i skulen var ein komen i ein alder av 14-15 år. Då var tida komen då ein skulle gå for presten og verta konfirmert. Dei siste åra i skulen såg dei fleste fram til denne tida. Frå ein var konfirmert vart ein rekna som vaksen, og dette å vera vaksen og meir kunna styra seg sjølv, hadde mange store forhåpningar til. Det vert sagt at tida går så fort, men dei siste åra i skulen før konfirmasjonen, vert av mange truleg minnast som dei lengste i deira tid. 

I eldre tid, før århundreskiftet, måtte konfirmantane opp til prøve før dei kunne sleppa fram for presten. Ikkje alle klarte den prøva. Særleg vart dei som var mindre begava og teoretisk utrusta, og elles kom frå heimar med vanskelege oppvekstvilkår, råka. Desse måtte venta eit og opp til fleire år før dei vart konfirmerte. Dette vart rekna som ei skam og var ei stor påkjenning for dei det galdt. Fram mot århundreskiftet vart det slutt på denne ordninga. 

DEl GJEKK FOR PRESTEN OM SOMMAREN  
Konfirmantførebuinga, det me kalla -å reisa for presten-, tok vanleg til om våren i slutten av mai månad og varte til ut i august. Sjølve konfirmasjonsdagen var om hausten, til vanleg i slutten av september eller byrjinga av oktober. Dei aller fleste av konfirmantane som sokna til Sandnes kyrkja i tidlegare tider måtte nytta båtskyss. Var det maks ver og få konfirmantar, vart færingen nytta, men vanleg var det så mange konfirmantar i krinsen at dei tok 3-keipingen i bruk. Det var til vanleg alltid ein vaksen med på desse turane. 

I Austfjorden og rundt Brimneset kunne det i uversdagar vera uråd a ta seg fram i båt for konfirmantane frå Hope og Kvinge krinsar. Ein måtte då ta seg fram over land, og vegen som då vart nytta, var gangvegen om Hopsdalen til Sandnes. For dei frå Kvingo var det anten skyss over Mjangersvågen til  
Hope, eller dei gjekk om Torskaret og Mjangersfjellet til Hopsdalen og vidare til Sandnes. Dei frå Elvik og Kvamme gjekk stranda om det ikkje var ver på sjøen. Like eins gjorde dei frå Andvik. 

I Sandnesosen og om Skolmen kunne det og blåsa hardt. Konfirmantane frå nordsida av fjorden måtte i slike høve nytta større båt eller vera heime. Konfirmantforebuinga var i sommarhalvaret, så til vanleg var veret bra. 

Frå byrjinga av 1920-åra vart reisetilhøva betre for dei som måtte om Brimneset. Då byrja Alfred Nygard frå Kvingo som tenestemann i banken. Han hadde motorbåt og tok med konfirmantane fra Hope, Elvik og Kvingo. 

KONFIRMANTFOREBUINGA  
Konfirmantførebuinga gjekk føre seg i kyrkja og starta i 11-tida om føremiddagen og varte i 2-3 timar. Innimellom var det friminutt. Med så lang veg som dei fleste hadde til kyrkja, vart det lange dagar for dei som las for presten. 

Gardane i Masfjorden ligg spreidd, og vegsamband var det lite av. Born og ungdom var i heile oppveksttida stort sett ikkje saman med andre enn dei som høyrde til på eigen gard eller i eigen skulekrins. Under konfirmasjonstida kom dei saman med ukjend ungdom fra andre deler av bygda. Dette var forvitneleg og interessant. For mange kunne det vel henda at denne tida var fyrste gongen dei såg den jenta eller guten dei fekk godhug for og seinare kom til å dela livet saman med. 

BYTUR FØR KONFIRMASJONEN  
Så kom hausten og sjølve konfirmasjonsdagen som det lenge hadde vore sett fram til. På førehand hadde konfirmanten saman med foreldra eller ein av desse, vore til Bergen for å kjøpa til konfirmasjonen. For dei fleste var dette den fyrste gongen dei var i -bydn-, og dette var i seg sjølv ei stor oppleving.  
Gutane fekk seg ny dress, nye skor, hatt og paraply. Jentene fekk ny kjole, sko, kåpe eller jakke og paraply. Alle fekk ny salmebok, i dei fleste høve med konfirmanten sitt namn og datoen for konfirmasjonsdagen. 

KONFIRMASJONSDAGEN  
Så kom sjølve konfirmasjonsdagen. Denne dagen var det alltid mykje folk ved kyrkja og særleg dersom det var fint haustver. Medan kyrkjeklokkene kalla til gudsteneste fann folket seg plass i kyrkja.  
Konfirmantane var i sin finaste puss, forventningsfulle og noko spente på det som skulle henda denne dagen. Særleg var dei urolege for avhøyringa på kyrkjegolvet og kven presten kom til å spørja. På kyrkjegolvet skulle dei prova det dei hadde lært av kristendomskunnskap både i skulen og under  
konfirmantforebuinga. 

Etter at konfirmasjon og gudstenesta var over, samlast alle utanfor kyrkja der konfirmantane vart helsa til lukke med dagen. Konfirmantane gav kvarandre konfirmasjonskort og takka for tida dei hadde hatt saman medan dei gjekk for presten. Mange minnest også ei tid der det langs vegen frå kyrkja vart seld eple og anna frukt. Det var til vanleg folk frå Raunøy og Areklett som stod for dette. 

Så var konfirmasjonsdagen i kyrkja slutt, og konfirmantane reiste heim til festleg samver i heimane der familie og vener var gjester. Ein viktig epoke i livet var over, og framtida låg og venta med det den kom til å by på av godt og vondt. 

Arbeidet for nynorsk salmebok og nynorsk liturgi i Masfjorden 

Etter kvart som nynorsk vart teke i bruk som målform på mange område i samfunnet i slutten av førre hundreåret, kom det også spørsmål om å nytta nynorsk i gudstenesta.  
Ein av dei ivrigaste førekjemparane for dette var ein masfjording. Rasmus Olson Haugsøen, f. 1867. Då han var prest i Solund rundt 1905, tok han til å bruka Blix-salmane og å preika på nynorsk. Han var nok litt føre si tid og fekk mange imot seg. Det gjekk så langt at somme nekta å gå til kyrkje så lenge Haugsøen var prest. 

Nynorsk som kyrkjespråk  
Rasmus Haugsøen vart aldri prest i heimbygda Masfjorden, elles hadde han nok fått merka motstanden mot målskiftet her og. I mange bygder stod det stor strid om ein skulle gå over til nynorsk liturgi og nynorsk salmebok. Ungdomar som hadde vore ute og gått på skule, anten det no var lærarskule eller 
folkehøgskule, ivra for at nynorsken måtte takast i bruk i skule og kyrkje i heimbygda. Mot desse stod dei meir konservative som ikkje ville at -kvardagsspråket skulle brukast i kyrkja. Også her i Masfjorden var det stor usemje i dette spørsmålet. 

Lenge etter at nynorsk var blitt opplæringsmål i skulane, var kyrkjemålet og salmane framleis på bokmål. Dei fyrste salmane på nynorsk er dei såkalla Blix-salmane, salmar som Elis Blix anten hadde skrive sjølv eller omsett. Eit hefte med desse salmane vart godkjent til kyrkjebruk i 1892 og teke inn som  
eit tillegg til Landstads salmebok. 

Ei nynorsk alterbok vart godkjend rundt 1920 og på same tid fekk ein ei nynorskomsetjing av heile Bibelen. Nynorsk Salmebok vart godkjend til kyrkjebruk i 1925. 

Avgjerd på soknemøte  
Etter lova vart det no opp til kyrkjelyden å avgjera kva målform alterboka skulle ha, og kva salmebok ein ville nytta.  
Det kom straks framlegg til å gå over til nynorsk liturgi og Nynorsk Salmebok i kyrkjene i Masfjorden. I fyrste omgang møtte soknerådet på motstand hjå soknepresten (Sigurd Berg) og gav seg, men det varte ikkje lenge før spørsmålet kom opp på nytt.  
Det set ut til at det har vore enklast å få til eit skifte i Solheim sokn. Der vart nynorsk liturgi teke i bruk frå 1926 og Nynorsk Salmebok eit par år seinare. Men då hadde det vore to jamne folkerøystingar med eit par års mellomrom, noko som syner at det nok ikkje var så lett å få til eit skifte likevel. 

I Sandnes sokn gjekk det greitt å få innført nynorsk liturgi. Det skjedde i 1925 med stort fleirtal på soknemøte. Vanskelegare vart det med salmeboka. Fyrst i 1942 vart det røysting om dette spørsmålet i Sandnes og Frøyset. Men då var til gjengjeld all motstand mot å gå over til Nynorsk Salmebok borte. 

Den gamle messehakelen  
Under arbeidet med restaureringa av Sandnes kyrkje i 1960- åra, vart det funne ein gamal messehakel. Det var Agnar Areklett som fann det som viste seg å vera ein svært gammal og verdifull gjenstand. 

Areklett fortel at han var i kyrkja ein dag for å sjå på restaureringsarbeidet som då gjekk føre seg for fullt. På veg ut oppdaga han tilfeldigvis ein flik av noko som likna eit tøystykke under ein haug murpuss, sand og trebitar. Han vart forviten og drog i tøystykket for å sjå kva det kunne vera, og vart snart klar over at han hadde noko interessant mellom hendene. Då verste skiten var rista av, forstod han at han hadde med ein messehakel å gjera,og at dette kunne vera eit verdifullt funn. Han fekk lov av sokneprest Øysed å ta messehakelen med seg. 

Eit klenodium  
Då messehakelen vart levert til Bergen Museum, kom ein der fram til at han er frå rundt 1650. Kor lenge han hadde lege lagra eller kva tid han sist var brukt her i kyrkja, veit ein ikkje. Men det var komen ny messehakel i kyrkja etter ombygginga i 1907. Messehakelen vart vidare send til Oslo for restaurering. 

Då Sandnes kyrkje vart vigsla etter den omfattande restaureringa, var også messehakelen istandsett, og biskop Per Juvkam bar den under gudstenesta. Seinare har han og vore brukt i ei gudsteneste i Akershus slottskyrkje i samband med at det var 400 år sidan Kristian 4. vart krona til konge i Danmark/Noreg. 

Messehakelen er laga av eit fornemt ullstoff med eit mønster som er tydeleg den dag i dag. Stoffet stammar frå Tyskland eller Frankrike. Fargen har opphaveleg vore purpurraud. Det er svært få så gamle messehaklar att her i landet, så ein kan trygt seia at messehakelen frå Sandnes kyrkje er eit klenodium. 

Eit anna klenodium frå Sandnes kyrkje er ein døypefont i kleberstein. Men den står på Historisk Museum iBergen. 

ALTERTAVLA OG ANNAN KYRKJEKUNST 

- I min tid har Sandnes kirke gjennemgaat en grundig reparation (1907), den kostet kr 4300. Paa alteret var før bare et trækors. Ved frivillige bidrag blev altertavle anskaffet. Tegnet av arkitekterne Fürst, Kristiania, og udført av billedhugger Johnsen, Bergen. Modernisert hollandsk renæssanse (1908).  
Slik har sokneprest Kanestrøm skrive i kallsboka som han har underteikna den 26/7 1917. 

Det spesielle med altertavla i Sandnes kyrkje er at ho ikkje er måla, men utført i treskurd. Olav Midtbø skriv at det var noko strid om altertavla då ho skulle koma. Somme meinte dei måtte få ei måla tavle, men det var slik at storparten av folket ville ha den altertavla som no er. Frølich seier dette om altertavla: -. . .originalt, overmaade smukt utført i træskjæreri. 

Motivet er frå Getsemane. Altertavla har Jesu liding som sentrum og ein tempelformasjon med søyler rundt han viser det majestetiske ved Gud. På toppen av altertavla står ein engel og dei greske skriftteikna alfa og omega som teikn på byrjinga og enden. 

DÅPSTEPPE OG PREIKESTOLKLEDE  
På veggen i nærleiken av døypefonten heng det eit såkalla dåpsteppe. Det er laga av Ann Rasmussen ved Kirkelig Kulturverksted i 1982 og innkjøpt av Kyrkjeringen som gåve til kyrkja. Dei grøne blada som veks oppover, symboliserer kvister som skyt opp ved dåpen. I slutten av 1970-åra kjøpte den same Kyrkjeringen inn eit preikestolklede som heng nedover kanten på preikestolen. Det viser Den Heilage Ande symbolisert ved ei kvit due. Dua er plassert inn i ei krossform. 

KYRKJESØLVET  
Sidan Sandnes kyrkje er så gamal og attpåtil er bygd på ein stad der det har stått kyrkje tidlegare, er det naturleg at det finst ein del gamle ting i kyrkja. Dei to store lysestakane på alteret er frå fyrste halvdelen av 1700-talet. På den gamle alterdisken som framleis er i bruk, står det følgjande innskrift: Til Guds Ære og Kirkens Brug er denne Kalk og Disk foræret til Sandnæs Kirke. H. Johan Madsen og Anne Hansdtr. 1697. Me har ikkje funne ut kven dei var, dei som gav kalk og disk til kyrkja, men nokon -kvensomhelst- kan det ikkje ha vore. 

GÅVER FRÅ KYRKJERINGEN  
Ei foreining som har gjort mykje for utsmykking av kyrkja, er den før nemnde Kyrkjeringen. Den var særleg aktiv i 1970-og 80-åra under leiing av Kitty Kvamsdal. Ved hjelp av innsamla midlar kjøpte Kyrkjeringen inn ymse utstyr til kyrkja. Noko av det fyrste som vart kjøpt, var golvløparen som ligg i  
midtgangen. Dei to kunstverka, dåpsteppet og preikestolkledet, har me alt nemnt. Kyrkjeringen sytte og  
for ny alterduk og lesepult. 

Alterduken i kyrkja er altså av heller ny dato, laga av Astrid Brun i 1983. Han er laga etter mønster frå den gamle duken som var frå byrjinga av hundreåret og i ferd med å detta frå kvarandre av elde og slitasje. Den gamle alterduken var laga av ei masfjordkvinne som utvandra til USA. 

Lesepulten er laga av Johan Brun. Han har og arbeidd lesepultar til dei andre kyrkjene i prestegjeldet og til Granneheimen. 

Skipet som heng i taket i Sandnes kyrkje

Dette er skrive til "Masfjordingen" av Olav Midtbø © i 1986 då han var 80 år gammal og er omarbeidd litt til denne utgåva av Alf Strand. 

Skipet som heng i Sandnes kyrkje er laga av Tore Åmundson Stegalvik. Han var fødd i Stegalvik i 1723 og døydde i Bergsvik i 1798. Tore Åmundson var gift to gonger, fyrste gong i 1756 med jenta Brita Olsdtr. Bergsvik. I Bergsvik hadde han vore i teneste eit år hjå broren som då var bonde der. Med fyrste kona arva han halve garden Bergsvik, og då ho døydde i 1784, gifte han seg att året etter med jenta Dordi Hansdtr. Åmundsbotn. Tore hadde ikkje born. 

Tradisjonen i bygda seier det var Tore som laga skipet. Og så seint som sist sommar (1985) ringde eg til Tor Bergsvik og spurde han om dette. Han kunne då fortelja at slekta der i Bergsvik visste å fortelja nett det same. Me torer såleis trygt gå ut frå at det er rett: Skipet er laga av Tore Åmundson. Slekta til Tore kom frå Sogn, og kanskje var han og fødd der. Tradisjonen fortel at det var han som hadde skote bjørnen som måtte bøta med livet og gje huda si til Sandnes kyrkje. Bjørnehuda vart liggjande i alterringen i kyrkja i mange år. Frølich har skrive om denne bjørnehuda i -Fjon-, men han visste nok ikkje kven som hadde skote bjørnen og gjeve bort bjørnehuda. 

Eit føreseggjort skip med mannskap  
Tore Åmundson levde i tidsrommet 1723 til 1798, det vert 75 år. Å laga eit slikt skip er ikkje noka lett oppgåve. Han må ha sett godt og vore stø på handa. Frå fyrst av var det skore ut mannskap til skipet, nokre var oppe i riggen og andre var nede på dekk. Men desse er nok komne vekk no. 

Eg tippar at skipet vart laga i 1750- eller 1760-åra og at det såleis er kring 250 år gammalt, men dette er berre gissing. Korleis har det så gått med skipet seinare ? 

Gjevaren har sjølvsagt fått skipet hengt opp i kyrkja. Det hang i den gamle Sandnes kyrkje, kanskje eit lite hundre år. Men så skulle, eller rettare, så måtte Sandnes kyrkje vølast. Det vart nedriving og nybygging. Og då måtte sjølvsagt skipet or vegen, det som alt det andre. Det har vel vorte liggjande, lagra, saman med andre ting. Me torer tru at skipet vart opphengt på nytt i den nye kyrkja i 1846. Me veit det ikkje, men ved inventaroppskriving i 1904 er det medteke -et barkrigget skib-, og det må vera det gamle. 

Ei stor oppleving  
Men det var vekke ei tid. Eg er fødd i 1906, og eg var ikkje gammal før eg fekk vera med til kyrkje, dersom det var roande ver og dersom eg hadde kyrkjeklede. Men då eg tok til å ferdast i kyrkja, då hang det ikkje noko skip i taket. 

Men så ein gong, ein sundag me kom til kyrkje, då såg eg med ein gong noko nytt : Det hang eit fint skip oppe i taket ! Du kan sikkert ikkje tenkja deg korleis synet av eit skip under fulle segl den gongen kunne binda ein gutepøyk, og eg var heller ikkje meir enn så vidt komen utatt or kyrkja før eg spurde far ut om skipet. Det var fyrste gongen eg fekk veta at det var ein mann i Bergsvik som hadde laga det fine  
skipet. Namnet hans fekk eg ikkje veta før seinare. 

Det som hadde hendt, var at det gamle skipet hadde vorte så sjabert at folk syntest det var ei skam å ha det hangande i kyrkja. 

Og ein gong fargar Rasmus Kvamsdal var på besøk frå Sandnes inne i Bergsvika, hadde dei kome til å tala om det gamle skipet og om at det burde vølast. Det vart til at Kvamsdal tok på seg å reparera det gamle skipet, og som tenkt, så gjort. Skipet vart oppussa, det fekk ny rigg og nye segl så det til slutt såg fint ut. Sidan den tid har skipet hatt sin faste plass i kyrkja. 

MINNESTEINANE VED SANDNES KYRKJE 

Utanfor Sandnes kyrkje står det i alt 4 minnesteinar. Tre av dei er store og ruvar godt i landskapet, den fjerde er mindre og ikkje så lett å leggja merke til. Like utanfor kyrkjedøra finn me minnesteinen over dei falne i 2. verdskrigen. Steinen vart avduka 6. oktober 1946 og har med namnet på dei tolv masfjordingane som let livet i krigsåra. Kvar 17. mai vert det lagt ned krans ved denne bautaen. På den andre sida av vegen inn til kyrkja er det ein stein som ikkje er lett å få auga på om du ikkje veit om han. 

Men namna og datoen fortel ei dramatisk og tragisk historie for dei familiane som vart råka. Det er minnesteinen over dei som miste livet ved D/S Masfjords forlis 3/2 1944. På denne steinen finn ein namna på dei 11 som omkom denne tragiske vinternatta. 

Utanfor kyrkjegardsmuren står minnesteinen over ein av dei mest kjende og markante masfjordingar gjennom tidene, lekpredikant Ludvig Hope, som dermed fekk sitt minnesmerke i heimbygda.  
Minnesteinen vart reist i 1981. Det var då planar om å utvida kyrkjegarden vestover, og det var ein del diskusjon om ikkje bautaen burde stå lenger nede ved vegen. Så vart planane endra og Ludvig Hope har fått sin plass ved porten inn til kyrkja.

Lenger ned mot vegen står ein bauta med mange namn. På sokkelen står det at dette er namna på -Herfolki frå Masfjord 1808-1814.  
- Dette er altså dei som var utkommanderte til krigsteneste i krigane mot Sverige og England tidleg på 1800-talet. Korleis det gjekk med alle desse soldatane, veit ein ikkje. 

Ein del av dei miste livet i krigen, men ein stor del av dei kom heimatt då krigen var slutt. 

Det var ungdomslaga i Masfjorden som reiste denne steinen i 1926. Steinen er teken or utmarka på Solheim, står det i Masfjordboka bd. 2. Også ved denne bautaen vert det lagt ned krans kvar 17. mai. 

PRESTAR I MASFJORDEN GJENNOM 150 ÅR

Då Sandnes kyrkje stod ferdig og vart vigsla hausten 1845, var Masfjorden framleis eit sokn under Lindås prestegjeld. Sokneprest det meste av denne tida var Jacob Hveding, som styrte Lindås prestegjeld frå 1848 til 1890. Han var og prost i Nordhordland frå 1856 til 1882. I følgje Frølich var Hveding ein svært folkekjær prest. Forkynninga var grei, forståeleg og lettfatteleg i innhald og form og heilt i pakt med Pontoppidans forklaring. Folk hadde stor tiltru til alt han sa og rekna med at det han bad om, det skjedde. 

Residerande kapellan i Lindås i 1845 var den før nemnde P. A. Jensen, som og ei tid var ordførar. Seinare vart han prost i Oslo og fekk og eit namn som forfattar. Han var kjend som ein stor talar og fekk eit godt ettermæle i Masfjorden. 

Frå 1. januar 1876 vart Masfjorden eige prestegjeld. Wilhelm Friman Koren Christie var den fyrste soknepresten. Han vart verande berre ei kort tid i Masfjorden då han alt i 1880 vart utnemnt til sokneprest i Lavik. På denne tid var det bruk 4 på Kvamme som var prestegard. Tidlegare hadde dette vore klokkargard for klokkaren til Lindås, men han hadde aldri budd der. Husa på prestegarden var så dårlege at Christie ikkje kunne bu der, og han prøvde å få til eit makebyte med eigarane av Amundsbotn eller Sandnes for å få ein prestegard som låg nærare kyrkja. Dette lukkast ikkje i hans tid og er kanskje ein av grunnane til at han ikkje vart lenger i embetet. 

Thorbjørn Frølich er ein av dei prestane i Masfjorden som har sett sterkast spor etter seg. Han tok til i embetet sommaren 1881 og reiste frå prestegjeldet 1892 då han vart utnemnt til prest i Ådalen. I hans tid vart Amundsbotn prestegard og det nye våningshuset stod klart til innflytting vinteren 1884. Med det hadde Masfjorden prestegard blitt -kanskje den skjønneste og i det hele den mest tiltalende prestegaard i  
landet, skriv Frølich. 

Frølich var ein initiativrik mann med sterke politiske interesser. Han var m. a. ordførar frå 1884 -89 og han arbeidde for å verta stortingsmann. Mest kjend er han for boka han skreiv og som kom ut i 1924. Ho heiter -Fjon eller Masfjorden- og er til dels svært interessant lesnad. I denne boka står det å lesa om alle dei framsteg som skjedde i Masfjorden på dei ulike område i hans tid. T. d. kan me lesa om korleis Frølich var den som fekk i stand 17. -maifeiring i Masfjorden. 

Etterfølgjaren til Frølich heitte Fredrik Olsen. Han fann seg godt til rette i kyrkjelyden og let vel over kyrkjelyden og kyrkjesøknaden. Han vart verande i embetet til han i 1905 vart utnemnd til sokneprest i Eid i Nordfjord. Fredrik Olsen vart etterfølgd av L. Kanestrøm. Også Kanestrøm fann seg vel tilrette i kyrkjelyden og vart her i 11 år til han i 1917 vart utnemd til res. kap. i Larvik. I hans tid gjennomgjekk Sandnes kyrkje ein grundig reparasjon og fekk nytt orgel og altertavle. 

Theodor Ulleland var den neste presten. Han stogga i embetet berre vel eit år, frå 1918-1919. 

Etter han vart Halvard Kvamsdal, f. 1872 på bnr.1 i Kvamsdal, utnemnd som prest i Masfjorden. Av ein eller annan grunn tok han ikkje imot embetet og vart sidan prest i Evje i Setesdal. 

Sokneprest Sigurd Berg var ikkje nøgd med kyrkjesøknaden då han kom hit i 1919. Men dette lysna ganske fort, og han fekk etter kvart eit godt tilhøve til kyrkjelyden. I hans tid vart det utført eit omfattande restaureringsarbeid på prestebustaden, og han la og stor vekt på å dyrka opp jorda på prestegarden og driva den etter moderne prinsipp. Medan han var sokneprest vart kyrkjelydsrådet (soknerådet) ein fast institusjon. Berg prøvde og å få bygd ein gamleheim i bygda, men fekk ikkje folket med seg på dette.  
Men han fekk i alle fall til ei ordning med -menighetssøster-, takka vera rentene frå to legat som soknerådet fekk i si varetekt. Og han dreiv ei tid -Masfjord Menighetsblad.  
Det gjekk to år frå Berg reiste til Masfjorden fekk ny sokneprest. Desse åra vart embetet styrt av stiftskap. Poulson. 

Men i 1927 kom sokneprest Knut Geelmuyden til Masfjorden. Han var her til han i eit av dei siste krigsåra vart utnemnt til sokneprest i Borre ved Horten. Geelmuyden vart omstridd fordi han kom med og vart aktiv i Nasjonal Samling. I eit halvt år var han i tysk feltprest-teneste på Austfronten. Etter krigen  
fekk han ikkje gjera teneste som prest meir. Geelmuyden var ein førekjempar for å byggja ei ny kyrkje for gardane på nordsida i Masfjorden. I hans tid vart såleis Frøyset kyrkje bygd og Frøyset utskilt som eige sokn. 

Etterfølgjaren heitte Amund Lødøen. Han var sokneprest i Masfjorden frå 1941 til han døydde berre 46 år gammal i 1950. Den fyrste tida var han i embetet som vikar for Geelmuyden, og vart ikkje utnemnd før i 1946. På slutten av okkupasjonen kom han i tyskarane sitt søkjelys då mennene på Sandnes vart  
tekne, men vart ikkje arrestert sidan han var sjuk. Han vart gravlagd i Hornindal der han var fødd. 

Harald Øysæd er den presten som har døypt og konfirmert flest masfjordingar, då han var sokneprest her i ein liten mannsalder frå 1951 til 1973. Frå 1965 var han og prost i Nordhordland. Før han kom til Masfjorden hadde han vore prostiprest i Midhordland prosti. Øysæd likte seg godt i Masfjorden og var godt likt i kyrkjelyden. 

Sokneprest Olaf S. Gundersen vart Øysæds etterfølgjar. Han tok til i embetet i 1974 og reiste herfrå til Gloppen i 1983. Han fekk særleg god fart i ungdomsarbeidet i dei åra han var her. Elles vart han kjend som ein flink talar og ein som ikkje var redd for å koma med kontroversielle utsegner. Han gjorde  
opptakten til å få bygt Fjon Fjellkyrkje. 

Sommaren 1983 kom sokneprest Knut Fredrik Sørheim til Masfjorden frå Askøy der han hadde vore prest tidlegare. Han har m. a. halde fram med å legga stor vekt på ungdomsarbeidet i kyrkjelyden.