Dåp i den kristne kyrkja

Kvifor dåp?

Gjennom den kristne dåpen blir våre liv knytta til Jesus Kristus i tru på at han er vår vegopnar til Gud. Dåpen er ein dør inn til eit liv som etterfølgjar av Jesus.
Når vi ber våre born til dåpen, er det fordi vi ynskjer at dei skal vekse opp med denne tilknytinga til han.
Om ein ikkje vart døypt som barn, kan ein vaksen som ynskjer å leve i denne trua, bli døypt.
Gjennom dåpen til tru på Jesus Kristus, blir ein innlemma i den kristne kyrkja, både lokalt og globalt.

Grunnlaget for å ha denne forståinga av dåpen, er Jesu eigne ord (Matt 28,18-20): «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Sideinfo

Denne sida er under oppbygging!
Send gjerne ein mail om kva du ønsker å finne info om her.

Melde til dåp

Kort tid etter fødsel, vil ein frå kyrkjekontoret få tilsendt litt info og ei første gåve til det nyfødde barnet, 'Bibelboka mi'.
Det mest vanlege er å ha dåp når barnet er 3-5 mnd, men ingenting er i vegen for å ha det før, eller litt seinare.

Når ein har bestemt seg for å ha dåp, tek ein kontakt med presten - tlf 56 16 62 63 - og avtaler dato for dåp og for ein dåpssamtale. Ein oversikt over når kvar kyrkje har gudsteneste, finn ein her på framsida. Dåpssamtale finn til vanleg stad ein til to veker før dåp, og kan vere i heimen eller på prestekontoret.
Dersom ein ikkje bur i Masfjorden, men ynskjer dåp her, er det vanleg å melde om dåp også til kyrkjekontoret der ein bur, og ha dåpssamtale der.

Når ein melder til dåp, må ein gje opp barnet sitt namn. Dette må ein som foreldre i alle høve melde direkte til folkeregisteret, og det er mest praktisk at dette vert gjort før barnet blir døypt. Ein må vidare velje 2-6 fadrar. Dei må normalt vere konfirmert. Dersom nokon av dei ikkje er medlem i Den norske Kyrkja, må ein gjere nærare avtale om dette med presten.

TrippTrapp


Dåpsklubben TrippTrapp som blir tilbudt av IKO er ei flott og rimeleg gåve til barn som er døypte. Tre gonger årleg kan ein få tilsendt nyttige bøk, musikk og liknande. Finn ut meir ved å gå til heimesida til TrippTrapp.