Utsendte informasjonsbrev

Påmelding til konfirmasjonstida
Påmelding til konfirmasjonstida skjer ved å sende innmeldingsskjema saman med utfylt skjema for helseinformasjon til Prestekontoret i Masfjorden, Kommunehuset, 5981 Masfjordnes (sjå spalte til venstre for nedlasting av skjema).
Når det gjeld Skjema for helseinformasjon, er det viktig å merke seg at dette blir handsama strengt konfidensielt. Det vil sei at det blir oppbevart utilgjengeleg for andre enn prest og diakoni- og undervisningsleiar, som også er dei einaste som les det. Opplysningane blir ikkje registrert elektronisk, og skjema blir makulert når konfirmasjonstida er forbi.
Frist for innmelding til konfirmasjonsåret 2014-15 er sett til fredag 22.august. Men dersom nokon etter dette skulle ønske å melde seg på, kan ein ta kontakt med prestekontoret.
Årsplaner