Announcements

Bryllaup - 27. desember 2017

Velkomen til å gifta dykk i Masfjorden!

 

Det er for mange ein av dei største dagane i livet; bryllaupsdagen! 
 

Dersom du ønskjer å gifta deg i ei av kyrkjene i Masfjorden er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med kyrkjekontoret. Me vil då saman finna ein dato som passer, og prest vil ta kontakt med dykk for samtale. 
 

Når de har teke kontakt med kyrkjekontoret, vil me hjelpa dykk med å planleggja sjølve vigselen - i så stor grad som de har behov for og ønskje om. I sjølve vigselen i kyrkja er det nokre faste ledd, liturgien, men det er òg høve til å koma med eigne element, som musikkinnslag, diktlesing, eller anna. Dette finn de ut av i samtalen med presten. 

I dag er det to liturgiar ein kan velja mellom i Den norske kyrkja: "Vigsel 2003" og "Vigsel 2017". De finn begge her og kan velja fritt blant desse. I tillegg kan de koma for å få forbøn dersom de har hatt borgerlig vigsel, men ønskjer å ha ein kyrkjeseremoni i tillegg. Ta kontakt, så finn me ut av dette. 

Så er det ein del viktige papir som må fyllast ut i forbindelse med vigsel, dette skal sendast til skattemyndigheitene. Informasjon om kva dokument som må fyllast ut og sendast inn finn de her

 

Velkomen til å gifta dykk i Masfjorden! 

 read more ...