Det vert dugnad på Fjon fjellkyrkje lørdag 21. juni. Les meir om arbeidet og årets olsokfeiring.
Dugnad
Det vert dugnad på Fjon fjellkyrkje laurdag 21. juni 2025. Alle som har høve til å møta er velkommen til arbeid og kjekt fellesskap ute og inne. Her trengs det villige hender av alle slag og i kort eller lengre tid.
Det vert arbeid inne og ute som vasking, maling, arbeid med ved, vedlikehald belegningsstein m.m. Det er fint med påmelding til dugnadssjef Arve Husa, mobil 48 09 57 30 eller epost iva-husa@online.no om du kan vera med. Han kan også kontaktast om du har spørsmål i samband med dugnaden.
Speis på nye lampar
Det er også mogleg å støtta arbeidet ved fjellkyrkja ved å gje ei gåve, på Vipps nr 945857. Akkurat no er det også ute ein Spleis-innsamling https://www.spleis.no/project/430657 til ny energisparande belysning i Fjon Fjellkyrkja og Ungdomssenter. Ver gjerne med å gjera spleisen kjent. Nokre av dei nye lampane som det vart starta på montering av i slutten av mai.
Olsok på Fjon
Tradisjonen tru vert det olsokfeiring på Fjon tysdag 29. juli kl. 19.00. I 2025 er det Lindås sokn som har ansvaret i samarbeid med styret for fjellkyrkja. Det startar med gudsteneste v/ Ole Marton Ølberg og Ove Danielsen. Deretter sal av rømmegraut/kaffimat, åresal og litt program før avslutning v/ bålpanna. Velkommen!
Her er plakat for olsok på Fjon 2025.
Tekst: Torbjørn Sæle
Foto: Knut Fyllingsnes