Masfjorden sokn har no ledige stillingar i kyrkjene i Masfjorden. Kanskje du eller nokon du kjenner har lyst på ein jobb i kyrkja? Sjå under for meir informasjon og lenker til stillingsutlysingane.
I Frøyset kyrkje er det ledig stilling som KLOKKAR. Frå 1.februar vert det og ein slik stilling ledig i Solheim kyrkje.
Kva gjer så ein "klokkar"? tenkjer kanskje du. Klokkaren er presten sin nærmaste medhjelpar i gudstenesta. Det er klokkaren som er tekstlesar, og hjelper til under nattverdsmåltidet og når det er dåp. Det er og den som køyrer powerpoint-presentasjonen og fører enkel statestikk.
Stillingsutlysingane finn du ved å trykke på aktuell stilling:
Klokkar Frøyset Klokkar Solheim Søknadsfrist er seinast 11.januar 2026
I Solheim kyrkje vert det og ledig stilling som KYRKJETENAR frå 1.februar.
Kyrkjetenaren er den som har dei praktiske oppgåvene knytt til gudstenester og andre arrangement i kyrkja. Oppgåver som reinhald, setje varme på/av, gjere forbereiingar/opprydding i forbindelse med aktivitet i kyrkja. Ringe med klokkene under gudstenesta og ellers ha tilsyn og enkle "vaktmester" oppgåver i kyrkja.
Stillingsutlysinga finn du ved å trykke på lenka Kyrkjetenar Solheim Søknadsfrist 11.januar 2026.
Om du vil vite meir om desse stillingane kan du ta kontakt med:
kyrkjeverje Eli Eidsnes på epost: kyrkjeverja@kyrkjaimasfjorden.no eller tlf. 906 13 515.